Turisme

Odd Karstein Fløtre  Foto: Arkiv

Meiningar

Sykkylven har eit stort potensial fortel Torill Olson frå Mimir, til Nyss. Ho peikar på alle eldsjelene i Sykkylven som lagar turistopplevingar av til dømes sykling, fotografering og trening. Dagleg leiar i Sykkylven næringsutvikling, prosjektansvarleg for turisme, Åsne Folstad, set ikkje fokus på berre tradisjonelt reiseliv, men også på lokalmat, lokal drikke og kulturbasert reiseliv, slik som gardsturisme.

Utgravingane på Auremarka sette Sykkylven på kartet som turiststad

Med millioninntekter, som ved Borg Vikingmuseum i Lofoten, med utgrave langhus av same slag. Ola Longva, kommunal prosjektleiar for den arkeologiske gruppa og dei arkeologiske funna, hadde entusiastiske idear om millionintektene. Vi prata ofte saman, og såg at kopiering av Borg Vikingmuseum ville vere ei «gullkiste» for Sykkylven.

Nokre år seinare vart eg overaska ved ein båttur vi hadde saman på sjøen. Ola Longva fortalde at han hadde mista entusiasmen. «Her er ingen samarbeidande eldsjeler for turisme i Sykkylven», fekk eg vite. Etter dette har Borg Vikingmuseum hatt millionar i turistinntekter. Med attraktive turistaktivitetar sommar og vinter. Sykkylven ser enno botnen i «gullkista».


Potensialet er fortsatt stort, ved oppbygging som hos Borg Vikingmuseum

I tillegg har Sykkylven eit enno større potensiale, som heimstaden til sunnmøringen Rollon.

For nokre år sidan skreiv eg boka om Jomsvikingslaget, - «der eg flytta Snorre sitt største Vikingslag i Norden» - frå Hjørungavågen til Raudøya. Med innhald om utgravingane i Sykkylven. Om Harald Hårfagre sin mann Ragnvald Mørejarl. Og sonen Rolf, som budde på Fauske. Og vart hertug Rollon i Normandie. I dag rekna som den store turistmagneten i Frankrike

På grunn av boka kom det innbyding om å delta på Rollon-jubileum. Med bussreiser og omvisningar i Normandie og Paris, i mange dagar.

Illustrasjon: Rollon, Fauske og Sykkylven  Foto: Odd Karstein Fløtre

Jean Renaud har skrive boka La Normandie des Vikings

Med så stor interesse for vikingtida i Normandie, at han held foredrag om Rollon “på norsk”. Då vi snakka saman «og bytte bøker», visste han at Ålesund har fått Rollonstatue i gåve av Frankrige, som heimstaden Fauske. Han vart overaska då han fekk vite at Fauske er på på ein stad som heiter Sykkylven. «Den turiststaden vil eg gjerne besøke», sa Renaud.

Då Jean Renaud kom på besøk til våre område for nokre år sidan, var eg dessverre på reise i utlandet. Sunnmørsposten opplyste at Jean Renaud hadde blitt varmt motteken av Ålesund og Giske. Frå heimstaden Fauske og Sykkylven var det ingen innbydelse.

Med mange turistbesøk i utlandet, og vinteropphald på Gran Canaria gjennom 12 år, er det ikkje vanskeleg å sjå korleis Sykkylven kan bygge opp økonomisk lønsam turisme.

Eldsjeler i Sykkylven har bygd opp internasjonal møbelproduksjon. Med teknologi som er blitt kjent heilt til Kina.

Kanskje vert det slik som det vart høyrt frå nabobordet, ved ei fergereise over fjorden. “Når det ikkje lenger er eldsjeler som klarar å bygge opp Vikingsenter i Sykkylven, så vert det vel til at “investorane i Kina” utnyttar dette store økonomiske potesialet.