Dagens kommentar, 29. september 2021

Ørkenvandring

JA TIL REMA: Sykkylven kommune sa ja til at REN Sykkylven AS kan etablere ein Rema-butikk på sjøfronten i Aure sentrum.  Foto: Even Ørjasæter

Meiningar

Kommunestyret sa sist måndag nei til kommunedirektøren sitt forslag om at REN Sykkylven AS skulle få makebyte tomteareal med Sykkylven kommune. Dette betyr at det i denne omgang ikkje vert oppført eit Rema-bygg i den nordre enden (mot volleyballbana) av sjøfronten. Men studerer ein nærare vedtaket så står der mellom anna at Sykkylven kommunestyre ønskjer å inngå avtale med REN Sykkylven AS om arealbruk og detaljplan for område BS22 som strekkjer seg frå rundkøyringa i nord (frå dagens Rema-tomt) til rundkøyringa i syd til grensa til tomta som B.S. Aure Eigedom AS eig, der det er planlagt Spar-butikk og leilegheiter i fire etasjar.