Den største stolen i verda på kaia?

Rekord: Bård Vestre meiner Sykkylven burde strekkje seg lenger og gå for rekorden som denne stolen i Austerrike har på 30 meter.  Foto: Privat

Meiningar

Så lenge eg kan huske så har det vore snakka om at Sykkylven burde ha ein turistmagnet. Den same problemstillinga hadde dei Newcastle i Nord-Aust England den tida eg studerte der på åttitalet. Etter mykje fram og tilbake så bygde dei i 1998 Angel of the North. Ein 20 meter høg stålkonstruksjon som årleg vert besøkt av fleire millionar frå heile verda.

Så kva monument burde Sykkylven ha? Sjølvsagt må møbelhovudstaden i Nord-Europa ha den høgste stolen i verda. Vi har alt nokre stadar i Noreg som titulerer seg med dette. Som til dømes i Steinkjer som har den største hagestolen i verda (4,75 meter høg).

På Jæren så har den dei den største Jærstolen i verda (4,5 meter høg).

Vi burde sjølvsagt strekkje oss lengre enn dette og gå for rekorden som har stått sidan 2009. Den er plassert i Austerrike og er 30 meter høg og laga i tre.

Ideelt sett burde det vere ein Stressless, men pris og konstruksjons kan gjere dette vanskeleg. Ein enkel spisestol i stål er nok meir realistisk. Om denne vert plassert på kaikanten med scene under vendt mot amfibiet til Rema 1000 så kunne dette også verte ein ny boltreplass for kulturlivet i bygda.

Med ein sterk investor i ryggen, og om vi tar fram dugnadsånda frå då vi bygde den lengste sofaen i verda, så er dette absolutt realistisk.

Og kva vil det koste? Mindre enn det smakar!