Ja til klatrehall på Stranda!

Ønsker klatrehall: Vegar Emdal frå Stranda Klatreklubb i Mørkvedhallen, Bodø.   Foto: Romsdals Budstikke

Meiningar

I desse dagar har ei prosjektgruppe igjen begynt å sjå på moglegheitene for ein ny idrettshall ved grusbana på Stranda. I førre runde vart det utarbeida ein plan frå Idrotslaget som såg på moglegheitene for ein hall med kunstgrasbane, basishall og eit styrkerom med ein klatrevegg som eit seinare byggetrinn. Når arbeidet med denne hallen er tatt opp igjen vil vi kaste hatten i ringen å fortelje kvifor ein klatrevegg i Stranda også burde bli prioritert.

Klatring har tradisjonelt vore ein aktivitet utøvd ute i fjellet. Allereie på 1800-talet var Sunnmøre eit ynda mål blandt langvegsreisande klatreadel frå England. Fjella ligg fortsatt omkring oss, men den moderne klatringa har flytta seg i større grad ned i låglandet til tryggare og meir daglegdagse former. Som eksempel har det i området blitt etablert sportsklatrefelt i hammerane nedanfor Stranda Energi og i Norangsdalen, som eit lågterskelalternativ i mellom kraftanstrengelsane i Habostaddalen, Romsdalen og Molladalen.

Sidan vèret og sesongane er slik som det er her på Sunnmøre, er det ikkje nok med solskinsdagar i året for at dette skal vere ein heilårssport. Dette har førd til at klatrarane også har behov for innandørs treningsområde, og utøvarar på Stranda må reise til Hundeidvik, Ålesund og Volda for å utøve sporten sin på plastikktak. Dei ivrigaste her på Stranda har sågar svidd av tusenlappar på private klatreveggar i fjøsar, kjellarar og garasjer. Framveksten av innandørs klatrehallar har førd til at klatring nesten har blitt ein folkesport og er ein av dei raskast veksande sportane i Noreg.

Her på Stranda er mangelen på ein offentleg møteplass i nærmiljøet blitt eit hinder for klatremiljøet å utvikle seg.

Stranda har eit begrensa antal heilårstilbod for barn og unge som ikkje vil delta i lagidrett. I resten av landet - der klatreveggar nerast har blitt allebygdseige - blir det arangert barselsklatring, barneklatring, ungdomsklatring, klatring for utviklingshemma og sågar geriatrisk klatring (for dei over over 65). I tillegg har vi dei som ikkje er organisert i noko gruppe, og berre stikk innom for å ta ei kort økt i buldreveggen eller nokre klatreruter attmed kjærasten.

Dette er med andre ord ein aktivitet, idrett og livsstil som favnar alle nivå og alderar. Dette gjenspeglar seg i yrkesgruppene i klatremiljøet - lærarar, pilotar, industriarbeidarar og tømrarar, sågar ein og anna bedriftsleiar i mellom fjellguidane. Det er ein fysisk aktivitet som utfordrar deg og engasjerar deg uansett om du er ung eller gamal, stor eller liten, og passar alle då det finst klatreruter for alle slags nivå. Det er ein aktivitet som ein kan halde på med frå førskulealder og heilt inn i pensjonisttilverelsen medan andre idrettar slit med fråfall i ungdomsåra. Dette gir også ein uformell møteplass på tvers av yrker og aldrar som er bra for folkehelsa.

Og det er ikkje berre dei fastbuande Strandarane som kan ha god nytte av ein slik vegg.

Den tilrådde plasseringa av den nye fleirbrukshallen er midt mellom to idrettslinjer med fokus på friluftsliv i Stranda VGS og Vestborg VGS i tillegg til Ungdomsskulen. Her er og eit hopetal av forskjellige guidefirma med mykje kompetanse som også kan gi kurs og opplæring av nye klatrarar i tillegg til personane i klatremiljøet. Reiselivet kan og ha nytte av fleire regnverdagsaktivitetar - vi bur strengt tatt på Sunnmøre - for aktive familiar. Den gryande heilårsdestinasjonen Strandafjellet som kan og ha dette som eit trekkplaster dei dagane sør-vesten slår til. Med så mange besøkande i bygda på både hytte og hotell burde vi tilby dei noko meir når heisene står. Men det er ikkje berre ein grunn til å besøke Stranda eller flytte til Stranda, men ein måte å bli kjend med folk slik at ein blir i bygda. Facebook-gruppa Stranda Klatreklubb har godt over 100 medlem, og når det ein vilkårleg vårdag vart teld 10 Strandarar mot èin Sykkylving i klatrehallen i Hundeidvik, så må det kunne seiast at her er interesse i bygda for ein slik aktivitet.

Så når Strandasamfunnet først skal bruke fleire 10-tals millionar på ein idrettshall kan vi med ein liten meirkost også skape ein ny heilårsaktivitet for besøkande i bygda. I tillegg legg det tilrette for eit miljø som inkluderar alle og som gjer det både meir attraktivt å bu på Stranda.