Dagens kommentar 1. oktober 2021

SV er ute

Takka nei: SV og partileiar Audun Lysbakken har takka nei til å vere med i ei fleirtalsregjering saman med Ap og Sp.  Foto: Terje Pedersen / NTB

Meiningar

Snipp, snapp, snute så var SV ute etter fem dagar med sonderingar med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Dermed blir det ingen fleirtalsregjering slik Ap-leiar Jonas Gahr Støre hadde ein draum om. SV og Sp er som hund og katt, noko som klart kom fram under valkampen. No har Sp og partileiar Trygve Slagsvold Vedum fått det som han vil, nemleg å halde SV utanfor regjeringskontora, og dermed kunne Gahr Støre og Slagsvold Vedum starte reelle forhandlingar i Hurdal.