Dagens kommentar, 6. oktober 2021

Kvinnelege prestar

Vikarprest: Vidar Nes Mygland meiner at kvinner ikkje kan vere prestar.  Foto: Randi Ansok

Meiningar

Vidar Nes Mygland, som av biskop Ingeborg Midttømme er tilsett som vikarprest i Ørskog og prostiprest i Nordre Sunnmøre prosti, som betyr at han kan fungere som vikarprest i Sykkylven og Stranda, er klar på at kvinner ikkje kan vere prestar. Bakgrunnen til at Mygland ikkje kan ha gudsteneste saman med kvinner, er at han ikkje har klart å finne legitimitet for dette i Bibelen.