Dagens kommentar, 8. oktober 2021:

Pila opp

Positiv utvikling: Det går godt for næringslivet i Sykkylven og Stranda.   Foto: Monica Aure Fallingen

Meiningar

Dei siste arbeidsløysetala frå Nav kan tyde på at det går så det susar både i Stranda og Sykkylven. Pila peikar med andre ord oppover. Då koronapandemien slo inn for full kraft i mars i fjor vart heile 1.047 arbeidslause eller delvis utan arbeid i Sykkylven, og 305 i Stranda. No er pandemien på retur. Arbeidssituasjonen har endra seg radikalt. Det er full fart i næringslivet, fleire verksemder jaktar arbeidskraft, medan andre har planar om å utvide produksjonslokala.