Svar til Odd Jostein Drotninghaug og Jan Ove Tryggestad

Svarar ordførarane: Benedicte Urke og Kjersti Ulset Lade meiner det er feil at svaret på problema innanfor helsesektoren er å berre utdanne fleire sjukepleiarar.  Foto: Privat

Meiningar

For et par veker sidan satt vi oss ned med Nyss for å lese, der ser vi at fylkesleder Trine Sevaldsen frå Norsk Sjukepleiarforbund har skrevet eit innlegg om at sjukepleiere og helsefagarbeidere blir erstatta i eldreomsorgen med ufaglærte. Dette er dessverre ikkje noko nytt for oss, då vi er blant dei som har rapportert inn desse talla til Norsk Sjukepleiarforbund. I Sykkylven kommune blir nesten 20% av sjukepleievaktene erstatta av ufaglærte. Helsefagarbeiderane blir i 10% av tilfella også erstatta av ufaglærte, talla er nesten tilsvarande like i Stranda kommune. Dette er alvorlig, og vil vise seg å bli meir alvorlig i åra framover.

I eldreomsorgen i dag har vi fleire eldre og dei har ofte meir komplekse sjukdomstilstander. Vi har begge jobba på sjukehus, i mange tilfeller så var pasientane så dårlige at dei vart liggande mykje lenger for oppfølging, men no er desse komt ut på omsorgssenter rundt omkring i landet grunna samhandlingsreforma. Rådmann i Stranda kommune gjekk ut i avisa 22/9 og sa at det skulle sparast nærmere 3,3 millioner i helsesektoren på Stranda, korleis skal dette gjennomførast når samhandlingsreforma vil kreve at kommunehelsetjenesta må styrkast?

I samfunnsplanane til begge kommuner står der at talet på eldre over 80 kjem til å auke drastisk dei neste åra, vi meiner då at helse og omsorg må styrkast, sjølv om vi no sitter igjen med følelsen om at det motsatte skjer. Dei som før var på sjukeheim og omsorgssenter grunna sjukdom bor no oftere og oftere heime. Dette vil seie at krav til kvaliteten som skal gis er høgare, og det stiller meir krav til dei som skal følge opp.

Det blir beskrevet ei krise i Norge, der vi kjem til å komme i ein posisjon at vi mangler 28 000 sjukepleiere i 2035, i dag er tallet i Norge ca 7000. I Møre og Romsdal aleine mangler vi nesten 1400. Når vi så les i avisa at ordførerane i Stranda og Sykkylven meiner at det berre er å utdanne fleire, blir vi mildt sagt oppgitt. For som ordførarane også veit så er det ei 3 års bachelorutdanning det er snakk om. Der er karakterkrav for å komme inn og det er høg standard til kvalitet på både teori og praksis. Praksisplassane som er i Norge i dag klarer ikkje å ta imot fleire studenter, utan at det går ut over kvaliteten til studentane og fleire stader mangler det sjukepleiere til å følge opp studentane.

Når kommunene i Norge ikkje klarer å beholde sine sjukepleiere, kven skal ta seg av studenter som kjem ut i kommunehelsetjenesten i praksis? Når sjukepleiere ikkje lenger orker belastninga med å ha alt ansvaret aleine, har vi eit problem.

Når lønna ikkje er nok til at det blir verdt det lenger, kva gjer vi då? Dette er spørsmål vi gjerne skulle stilt til statsminister og helseminister, då vi veit at kommunene aleine ikkje kan ordne dette men vi får starte med dei som har svart dette i Nyss. Misforstå oss rett, vi treng å utdanne fleire, men dette aleine vil ikkje løyse problemet. Vi treng også ei lavare arbeidsbelastning, ein god arbeidsplass, å få tilbud om så stor stilling som vi vil ha og gode lønnsbetingelser.

I ein undersøkelse gjort av Sykepleien svarer 72% av dei spurte at dei vurderer å bytte jobb. Alle som svarte på denne undersøkelsen jobber i kommunehelsesektoren. Vi har i vår tid som sjukepleiarar opplevd at kollegaer har slutta, mange oppgir at det er for stort ansvar, for stor belastning, for dårlig betalt og ikkje forenlig med familieliv. Vi står på døgnet rundt året igjennom for å sørge for at dei som treng hjelp får eit så godt liv som mogleg. Vi steller sår, hjelper med medisiner og tar vare på dei som treng det. Samtidig så opplever vi at det skal sparast penger fleire stader, ofte blir desse tatt frå helse og omsorg. Så høyrer vi om at eldrebølga kjem snart og fleire vil trenge hjelp, mange av desse kjem til å bo heime. Når dei som har jobba i nokre år ikkje orker meir, då hjelper det fint lite med fleire utdanningsplasser. Frafallet i yrket er eit vesentlig større problem enn at det blir utdanna for få.

Tidligare i år vart det streik då KS ikkje ønska å gi eit lønnsløft til dei som er medlem i UNIO. Grunna fare for liv og helse vart det søkt dispensasjon frå streiken på nesten samtlige sjukepleiere i Norge. Dette fordi helgebemanning er uforsvarlig for pasientane. Kven tenker at det er greit å gå på jobb kvar helg når bemanninga er uforsvarlig? Mange arbeidsplasser hadde blitt stengt på dagen om dette skjedde, men i helse og omsorg er dette vanlig.

Vi ser også at problemet med å skaffe vikarer er eit aukande problem, for kva gjer vi når det bli meldt om sjukdom i helga og ingen kan komme på jobb? Jo, vi bretter opp armane og jobber raskare for å sikre alle ei god og forsvarlig tjeneste. Vi har tidligere ofra både toalettpauser og matpauser for å sikre at alle «våre» får den hjelpa dei treng. Dette er dessverre blitt meir vanlig, då det ikkje er attraktivt å jobbe i eldreomsorgen.

Og når vi då til slutt i innlegget til Nyss leser at ordføreren i Stranda kommune seier at det ikkje er berre lønn det handler om, så seier vi oss uenige. Vi skulle gjerne visst kva som ligger bak denne påstanden?

Det handler sjølvsagt ikkje berre om lønn, men det er ein stor del. Vi treng å få lønn til å kunne betale for hus, heim og mat på lik linje med alle andre. Og når vi i tillegg må ofre familieliv i helgane, dele opp sommerferien vår, jobbe både jul og påske for å holde hjula i gang då må vi få betalt for det vi ofrar, eller så orkar ikkje fleire å fortsette i jobben.

I Sykkylven kommune ligger det no ute 2 ledige, 100% stillinger som er utlyst for andre gang, der er også 2 100% stillinger til i førstegangsutlysning, i Stranda er der ei ledig stilling på 80% fast, vi ser at å få tak i sjukepleiere som vil jobbe natt er spesielt utfordrande.

Vi håper virkelig at nokon ønsker desse stillingane, viss ikkje har vi eit stort rekrutteringsproblem i tillegg. Og dette vil gi ei større belastning på dei som er igjen.

Dersom ikkje kommunane viser seg til å vere meir attraktive arbeidsgivere vil situasjonen bli meir alvorlig enn den er i dag. Vi må få belastninga ned og lønna opp!