Vanlige folk, kven er det?

Frank Sve   Foto: Staale Wattø / Sunnmørsposten

Meiningar

Er det ikkje vanlige folk som ferdast også på dei større ferjesambanda slik som Molde- Vestnes, Halsa-Kanestraum og Hareid- Sulesund? og kva meiner AP og Kjølmoen som er forskjellen på dei som reiser på desse sambanda kontra mindre ferjesamband i fylket?

Det er bra at AP/SP legg opp til kutt i ferjeprisane med 50%, men 50% rekna av kva lurer vi faktisk på, og når kjem dette?

Gratis ferjer til øyfolket er også flott, likeså gratis til ferjesamband under 100000 passasjerar, men, kva med mesteparten av dei feriereisende her i fylket, kvifor får ikkje desse gratis ferjer ?

Det er på dei store sambanda med ca 1 million pbe i året som flesteparten av innbyggjarane og næringslivet her i fylket brukar kvar dag.

Ca 3 milliard kr vil gratis ferjer for alle koste, og det blir relativt håplaust å argumentere for at dette blir for dyrt når AP og SP samtidig skal bruke 50 milliard kr på å elektrifisere sokkelen.

Gassen kan ikkje brukast her i landet og på sokkelen til å produsere straum, men å sende den same gassen til Europa og brenne den der er faktisk noko «vanlige folk» ikkje forstår eit kvidder av.

Vi i FrP kjem AP og SP garantert til å få bruk for i arbeidet med å skaffe fleirtal for å kutte ferjeprisane og forhåpentligvis også innføre gratis ferjer for alle, det må vere målet til slutt.

Ferjeprisane skal ned og vidare til gratis ferjer i heile landet, og eg og FrP skal bidra konstruktivt i Stortinget for å oppnå dette så raskt som råd.