Dagens kommentar, 13. oktober 2021:

Godt og gale med ferjene

Ferjebillettar: Det skal bli rimelegare å reise med ferje, noko som kjem godt med i ferjefylket Møre og Romsdal.  Foto: Even Ørjasæter

Meiningar

Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet kappast no om dagen for å få nok blest om at den nye raud-grøne regjeringa satsar på halv billettpris på ferjene, og at ferjer og samband som ikkje har fast vegsamband og årleg under hundre tusen passasjerar skal bli gratis å reise med. Dette er godt nytt for ferjefylket Møre og Romsdal. Både Per Vidar Kjølmoen (Ap) og Jenny Klinge (Sp) gjekk i valkampen ut med å forkynne at det skulle bli rimelegare å reise med ferjene. Også Framstegspartiet med Sylvi Listhaug og Frank Sve i spissen proklamerte om gratis ferjer. Det nye prissystem vil ikkje gjelde frå nyttår, slik mange trudde. Men skal i staden gradvis bli gjennomført i løpet av den komande fireårsperioden.