Sommartid og vintertid

Illustrasjonsfoto: Gunn Haugen ønsker at den nye regjeringa skal bestemme at vi får ein time meir med dagslys.  Foto: Erik Johansen / NTB

Meiningar

Vi er komne til midt i oktober, og det er snart tid for å stille klokka tilbake til vintertid. Eg håper det ikkje er siste gongen vi stiller klokka, men at vi kan gå tilbake til sommartid i mars 2022. Dersom vi ikkje kan halde fram med å stille klokka til sommar- og vintertid, håper eg vi kan ha sommartid heile året. Mange tykkjer det er problematisk med klokkestilling vår og haust, for meg er siste dagen i mars den beste dagen i året. Då kan vi få lys og sol ein time lenger om ettermiddagen.

Slik vi har organisert samfunnet vårt no, har dei fleste «normalarbeidstid» med fritid om ettermiddagen og kvelden, og det er viktig for fysisk og psykisk helse å få lys og sol i den tida vi kan opphalde oss utandørs. Etter ein lang, mørk vinter har vi bruk for lyset i den tida vi har fri frå jobb. For mange av oss som bur under høge fjell på Vestlandet, er det lite ettermiddag- og kveldssol sjølv midt på sommaren. Ein del av dei som jobbar til fire- femtida om ettermiddagen , får ikkje sol i fritida si veka igjennom.

I ei stor undersøking frå England som vart presentert i NRK 10.oktober i år, har forskarar sett på dei helsemessige fordelane ved å bruke tid ute i naturleg lys. Risikoen for å utvikle depresjon minka, folk hadde betre humør, og brukte mindre antidepressiver. Resultata viste at det å vere ute i dagslys, når som helst mellom daggry og skumring, var forbunde med større lykke.

Eg håper at den nye regjeringa kan bestemme at vi framleis kan få ha ein time meir med dagslys den tida på døgnet då dei fleste folk har fritid og kan nyte lyset!