Dagens kommentar, 15. oktober 2021:

Gladmelding

Arbeidsgjevaravgifta: Reduksjon av arbeidsgjevaravgifta vil få positive økonomiske konsekvensar for mange bedrifter i Sykkylven.   Foto: Gorm Kallestad / NTB

Meiningar

Det har alltid vore delte meiningar om statsbudsjettet. Slik også i år. Den til ein kvar tid sitjande opposisjon er nesten forplikta til å kritisere heile eller delar av budsjettet. Medan den sitjande regjeringa går i forsvarsposisjon. Mange har merka seg at regjeringa har foreslått å auke bensin- og dieselprisane med høvesvis 41 og 47 øre literen. For mange er dette vanskeleg å forstå, for det er nemleg ikkje alle som har tilgang til kollektivtransport, eller har økonomisk ryggrad til å kjøpe seg elbil. Vi bur i eit langstrekt land som krev at fleire familiar faktisk er avhengige av to bilar, og då er det ikkje berre å auke drivstoffprisane. NAF meiner at distriktsindeksen bør bestemme kva for kommunar som blir skjerma mot høge drivstoffprisar. Dette betyr at Stranda som ligg i kategori 5, vil bli skjerma mot høgare drivstoffprisar, medan Sykkylven som ligg i kategori 4 vil få høgare drivstoffprisar.