Lesarinnlegg:

«Geiranger er ikkje godt nok «rigga» for framtida»

Geir Gjørva  Foto: Arkiv

Meiningar

Ordføraren i Stranda med fleire uttalar ofte: Alle vil til Geiranger! Marknaden vil ha Geiranger – bekrefta gjennom nylege marknadsundersøkelsar, og seinast gjennom den korte cruisesesongen no i haust.

Bygda vil ha cruise – seinast bekrefta i eit møte blant næringsrepresentantar 13. juli 2021. Dei som bestemmer vil det likevel annleis!

Lite gjennomtenkt?

Stortinget har altså bestemt at frå 01.01.2026 skal all båt- og cruisetrafikk i dei 2 verdsarvfjordane på Vestlandet vere utsleppsfri.

I vedtaket heiter det likevel også følgjande: vedtak 691 «Stortinget ber regjeringa foreslå tiltak som sikrar verdensarvfjordene som anløpshamn for cruisebåtar også etter 2026, blant anna ved at staten sikrar etablering av landstraum i Flåm som planlagt innan 2022.»

Her kan det sjå ut som Flåm (med verdsarvfjord) ligg godt an for å få løyst si sak. Kva gjer så våre lokale myndigheiter (Stranda kommune og hamnestell) for å følje opp dette? Jau, dei ignorerer kva marknaden og kundane deira seier.

Dei vektlegg ikkje at turistane kjem for å sjå og oppleve naturattraksjonar i verdsklasse både i fjorden og vidare forbi sjølve Geiranger sentrum. Dei bryr seg heller ikkje om kvar inntektene til hamnestellet og dermed også til kommunekassa kjem ifrå. (Seinast bekrefta av ordførar Tryggestad i Sunnmørsposten 23. oktober 2021).

Det verkar som både administrasjon og politisk leiing i Stranda kommune og hamnestell no berre har fokus på framtidige løysingar for cruisetrafikken til Hellesylt og Stranda. Dei legg alle krefter i dette for bl.a. «å berge» økonomien til hamnestellet etter fleire feilslåtte investeringar, bl.a. i cruisekai på Hellesylt. Og hovuddestinasjonen Geiranger skal bli omgjort til rundingsbøye for andre variantar av cruisetrafikk på sjø og land frå omkringliggande hamner. Det verkar ikkje som dette scenarioet er veldig godt gjennomtenkt med tanke på dei konsekvensar det vil få.

Kva så med framtida?

Gode krefter og optimistar har nok som mål ein utsleppsfri cruiseindustri ein gong i framtida. Neppe i 2026 allereie. Ny teknologi kjem, og cruiseindustrien har klare målsettingar for framtida. Derfor vil nok moderne cruiseskip om ikkje så veldig lenge kunne segle på drivstoff som nesten ikkje forureinar, og ein gong vidare framover heilt utan utslepp. For å få til nullutslepp må dei ha straumtilkopling når dei ligg til kai, også i Geiranger.

Det er mange tiltak som kan gjerast for å betre på situasjonen framover slik at Norge for behalde Geiranger som den viktigaste cruisedestinasjonen, og Geiranger behalde cruisetrafikken og dermed sikre framtida for bygda. Då må lokale myndigheiter flytte fokuset tilbake dit marknaden vil, og der dei får inntektene sine ifrå.

Geiranger er ikkje godt nok «rigga» for framtida no, nettopp fordi fokuset har vore andre stadar. Geiranger treng store investeringar i infrastruktur som bl.a. kaier, kraftforsyning, vegar, telenett parkeringsanlegg m.m. Alle veit at dette vert kjempestore investeringar.

Det er Staten gjennom Storting og regjering som har gjort vedtaka om nullutslepp. Og også om at forholda skal leggast til rette for cruiseskipsanløp i framtida (ref. vedtak 691 over). Enkel løysing er då at Staten også må ta rekninga for dette! Det står vel også i stortingsvedtaket. Då er det viktig at Staten også får korrekt beskjed frå lokale myndigheiter om kvar desse investeringane skal gjerast. Her må det ei haldningsendring til blant lokalpolitikarane.

PS! Eg har sikre kjelder på at lokalpolitiakarne i Aurland, og Vestland fylkeskommune verkeleg står på og jobbar for løysingar for bl.a. landstilkopling for straum til cruiseskipa i Flåm. Kvar er våre lokalpolitikarar sin innsats for den kanskje mest sårbare bygda, Geiranger?

Alt dette hastar veldig. Cruisenæringa må få vite kva som skal skje, og ikkje minst må Geirangerbygda få vite om offentlege myndigheiter vil stille opp og sørge for at det som er bygd opp over 150 års innsats vil bli varetatt og vidareutvikla med ei grøn framtid.

Det er Geiranger som er den mest kjende internasjonale merkevara for Norge som reisemål!