Alarmerande utvikling

Fleire born: Sykkylven treng auke i folketalet.   Foto: Unsplash

Meiningar

Skal vi tru kommunedirektør Geir Ove Vegsund sine kommentarane i økonomiplanen for Sykkylven kommune fram til 2025, så er det ein tankevekkar når vi les om folketalsutviklinga. I andre kvartal i år budde det 7.571 personar i Sykkylven, det er ein netto reduksjon på 24 personar. I 2020 var det 58 nyfødde born mot nesten dobbel så mange for 20 år sidan. Siste året hadde Sykkylven ein netto tilflytting på minus 30 personar. Forventa utvikling av talet på innbyggarar er 7.251 i 2030 og 6.826 i 2050, som betyr ein nedgang på 745 personar dei komande 50 åra. Demografien tilseier at det blir fleire eldre og færre yngre.