Må eldre bli meir digitale?

Eldreombod Bente Lund Jacobsen møter Sykkylven Seniorakademi 18. november. Korleis unngår vi at eldre fell utanfor når samfunnet blir meir og meir digitalisert? Det er ei av sakene som står på dagsordenen for møtet.

Føredrag: Eldreombod Bente Lund Jacobsen møter Sykkylven Seniorakademi.  Foto: Privat

Meiningar

Eldreombodet vil ta opp behovet for å tilby eldre opplæring i digitale verktøy, samtidig som dei ikkje-digitale må ha gode, analoge alternativ. Jacobsen ser fram til å få spørsmål og ha god dialog med seniorakademiet om dette temaet.