Dagens kommentar, 12. november 2021:

Vi må unngå gråpapir framføre vindauga

Julehandel: Å handle lokalt gir bygda liv!  Foto: Jon Olav Nesvold / NTB

Meiningar

For mange er julehandelen godt i gang. Skal vi tru statistikken vil kvar nordmann bruke om lag 12.000 kroner på årets julefeiring. Dette er mindre enn i fjor, grunna koronapandemien, men meir enn i normalåret 2019. Det er venta at vi legg att 122 milliardar kroner i norske butikkar og nettbutikkar dei siste to månadane. Dette er ein nedgang på 3 prosent i høve til i fjor, men heile 12 prosent høgare enn i 2019. Det er ikkje tvil om at november og desember er viktige månader for norsk handel. Netthandelen held fram med å vekse, og ligg over 50 prosent høgare enn i 2019. Spesielt under pandemien auka netthandelen kraftig. Prognosen går ut på at netthandelen utgjer om lag 11 milliardar kroner dei siste to månadane.