Dagens kommentar, 17. november 2021:

Er det vanlege folk sin tur å betale?

Forhandlingar: SV-leiar Audun Lysbakken er budd på harde forhandlingar om neste års budsjett med Ap og Sp.  Foto: Terje Pedersen

Meiningar

SV går no i forhandlingar med regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Når SV ikkje klarte å bli samde med AP og Sp under forhandlingane i Hurdal, vil partiet no freiste å få gjennomslag for sine krav dei næraste dagane og vekene. SV har ein klar profil. Dei som tener mest, skal også betale mest. Så langt har ikkje SV fremja forslag om auke i elavgifta, det skal dei ha honnør for. Men partiet slår på stortromma når dei vil auke formuesskatten med 14,7 milliardar kroner og inntektsskatten med 7,3 milliardar kroner. Folk som tener under 600.000, vil få skattekutt. Dei som tener meir, vil få auka skatt.