Lesarinnlegg:

«Redusert arbeidsgjevaravgift betyr lågare kostnader»

Torill Velle og Birgitte Bonesmo frå Sykkylven Høgre.  Foto: Even Ørjasæter

Meiningar

Regjeringa Solberg la i oktober fram sitt forslag til statsbudsjett for 2022. Det er eit budsjett for vekst, omstilling og inkludering. Eit budsjett som legg til rette for at flest mogleg skal fullføre vidaregåande skule med grunnleggande kunnskap, fortsatt styrking av yrkesfaga og fagutdanninga og ei satsing på desentralisert høgare utdanning. Det er ekstra viktig i ei tid der vi står midt oppe i ei viktig omstilling til eit grønare og meir digitalisert samfunn.

I dei åtte åra vi har styrt, har vi heile tida ført ein aktiv næringspolitikk. Det handlar ikkje om at staten skal eige ein større del av norsk næringsliv, men at det skal lønne seg for private verksemder å etablere nye arbeidsplassar. Ei sterk satsing på næringsretta forsking, utvikling og innovasjon er naudsynt for å bidra til den omstillinga samfunnet står overfor. Samtidig er vi opptatt av at det skal lønne seg å starte eiga verksemd og at unødvendige hinder for etablering blir fjerna. Når den nye regjeringa gjer det vesentleg dyrare å eige norske bedrifter, bidrar det til at mange små og mellomstore familieeide bedrifter i Møre og Romsdal får redusert eigenkapitalen og vert dårlegare rusta for å møte utfordringane i åra som kjem. Det er dårleg næringspolitikk.

Helge Orten  Foto: Bjørn Brunvoll / Romsdals Budstikke

Ein viktig del av den aktive nærings- og distriktspolitikken, er den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Sykkylven har lenge vore i gruppa med dei høgaste satsane, medan til dømes Stranda har hatt ein lågare sats. Regjeringa Solberg og Høgre endra dette i framlegget til statsbudsjett for 2022 og flytta Sykkylven frå sone 1 til sone 2. Konsekvensen av det er at næringslivet i Sykkylven vil få lågare arbeidsgjevaravgift og dermed styrka konkurranseevne, ved at satsen vert redusert frå 14,1% til 10,6%. Redusert arbeidsgjevaravgift betyr lågare kostnader både for eksisterande og nye bedrifter.

Arbeidet for å få redusert arbeidsgjevaravgifta i Sykkylven er noko det har vore jobba med lenge. Derfor var det viktig at Regjeringa Solberg fikk lagt det inn i forslaget til statsbudsjett for 2022, og at det synes å vere brei semje om dette i Stortinget.