Dagens kommentar, 19. november 2021:

AaFK til Eliteserien?

Mot Eliteserien.: AaFK kan sikre opprykk til Eliteserien i morgon.  Foto: Arkivfoto

Meiningar

Når det norske landslaget ikkje klarte å kvalifisere seg til fotball-VM etter tapet mot Nederland sist tysdag, så får vi vone at AaFK vil klare å sikre opprykk til Eliteserien mot Ull/Kisa på Color Line Stadion i morgon. Heile Sunnmøre og regionen treng eit eliteserielag, spesielt når både Molde og Kristiansund er med i ligaen, og klarer å hevde seg svært så godt. Dessverre så har det ikkje fungert godt nok for AaFK dei siste åra, sjølv om laget vart cupmeistrar både i 2009 og 2011. Dei siste nedrykka var i 2017, og etter to sesongar i OBOS-ligaen, så vart det eliteseriespel att i 2020. Men dessverre, etter ein sesong, så vart det nok eit nedrykk til OBOS-ligaen.