Synspunkt:

Når Gud er død

Mennesket er åleine på vandringa under stjernehimmelen. Eg blir sjølv mitt eige referansepunkt, men kva hjelp er det i det, når eg er i rørsle heile tida?   Foto: Illustrasjon/fotomontasje: Linda Nygard-Sture

Meiningar

Denne teksten spør ikkje om du trur på Gud, og seier heller ingenting om mi haldning til spørsmålet; eg hadde nær sagt Gud forby! For er det noko som får gjennomsnittsnordmannen og -kvinna til å slå blikket ned, rødme og bli usikker, er det nettopp samtalar om religiøse problemstillingar, og kva betydning religion har for oss reint personleg. I vår kultur er det for tida lettare å snakke om eige seksualliv enn om eigne tankar rundt dei evige spørsmåla. I alle fall verkar det slik. Derfor skal vi heller sjå på religionen si stilling som institusjon i samfunnet.