Lesarinnlegg:

«Er du budd til å klare 72 timer utan moglegheit til å kjøpe noko i butikken?»

Meiningar

Har du det du treng for å klare deg i tre døgn utan tilgang på butikk, straum og vatn? Da er du ein del av beredskapen i Noreg.

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn. Og storsamfunnet gir oss løysningar som varetek det meste av det vi treng i kvardagen.

Samtidig har pandemien vist oss at kriser kan komme «over natta» og snu om på kvardagen vår.

Uvær, naturkatastrofar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange av oss mister både straum, vatn og internett. Kanskje blir det umogleg å gå på butikken også. Da blir det fort vanskeleg å fa tak i nødvendige varer.

Slike situasjonar krev at DU er budd. For vi er alle en del beredskapen i Noreg. Slik både enkeltpersonar, kommunar, stat og organisasjonar har samarbeidd under pandemien, må vi også samarbeide i beredskapen. Da står vi sterkare når krisa eventuelt rammar.

Tidlegare i november sto eg på stand i lag med fylkesberedskapssjefen og med tilsette i kommune, Sivilforsvaret og ideelle organisasjonar. Vi delte ut brosjyrar med lister over kva du treng å ha i hus dersom krisa skulle ramme. Vi bruker tid på dette fordi eigenberedskap er viktig.

Så no er mitt spørsmål til deg: Er du budd til å klare 72 timer utan moglegheit til å kjøpe noko i butikken? Da er du ein del av beredskapen i Noreg – og gjer at vi som samfunn står sterkare.

Om ikkje du har eit lite lager av ved, vatn, mat og nødvendig medisin heime, anbefaler vi at du lager deg eit lite beredskapslager. Du skal ha nok til at du, og dei du eventuelt bor i lag med, held varmen og har nok å drikke og ete dei 72 første timane.

Om du vil ha tips til kva du treng, kan du sjekke sikkerhverdag.no.

Takk for at du tar ditt ansvar – og er ein del av beredskapen i Noreg!