Lesarinnlegg:

«Søv du om natta Kjølmoen, slik som du lyg?»

Frank Sve  Foto: Even Ørjasæter / Arkiv

Meiningar

I ein debatt i valkampen fekk Per Vidar Kjølmoen spørsmålet:

«Søv du om natta Kjølmoen, slik som du lyg?»

Både journalistar og andre fekk seg ein god latter, men spørsmålsstillaren meinte alvor med sitt spørsmål.

Ikkje akkurat rart, når det ser ut til at Per Vidar Kjølmoen trur folk flest er steike blind, døv og ikkje har fått med seg realitetane ang. utviklinga til ferjeprisane her i fylket.

FrP og eg blir beskylda for å «berre setje opp ferjeprisane» slik Kjølmoen hevdar, noko som er så til det grader lågmål av ein Stortingsrepresentant frå AP å hevde, når absolutt alle veit at dette ikkje stemmer.

Per Vidar Kjølmoen har vore fram til no fylkesvaraordførar i eit raud/grønt styre i fylket, som både i 2019 og 2020 sette opp ferjeprisane med 2 takstsoner og innførte heilt unødvendig autopass som auka prisane med ytterlegare 32 prosent.

I tillegg har alle sjølvsagt fått med seg at FrP kjempa imot dette i to år i fylkestinget, inn til koronasituasjonen tvinga AP og gjengen til å setje ned prisane med 2 takstsoner igjen. Men, framleis 32 prosent auke!

Frp i lag med Solbergregjeringa sette ned prisane med 25 prosent frå 1. 7.21, men der halv mva. vart auka opp frå hausten av slik at kuttet vart om lag 18 prosent.

Når AP sin Kjølmoen no har sprunge rundt og lova 50 prosent kutt i prisane men leverer 11,7 prosent noko departementet har bekrefta, blir det ikkje mykje igjen når prisstigning tar ytterlegare 3–4 prosent av dette også over nyttår!

Så får berre Kjølmoen fortsette med sine usanne påstandar, folk flest har avslørt han karen der for lenge sidan.