Dagens kommentar, 24. november 2021:

Legekrisa er eit faktum

Legekrise: Kommunedirektør Geir Ove Vegsund står framfor ei krevjande oppgåve med å få fleire fastlegar til Sykkylven legesenter.   Foto: Even Ørjasæter

Meiningar

Legesenteret i Sykkylven har vore ei varm potet i mange år. I den tida senteret var i privat eige, fungerte det stort sett godt, men etter at fleire politikarar til slutt fekk gjennomslag for eit kommunalt legesenter, så har det vore vanskar med å drifte senteret på ein god og forsvarleg måte. Fastlegar har i tur og orden kome og gått, medan dei som forsvarte fortet i mange år, takka for seg. Fleire av desse er i dag å finne på Stranda legekontor.