Lesarinnlegg:

«Havbruk? Ja til betre kommuneøkonomi!»

Kart: Miljøtilstand under matfiskanlegg (Blå=meget bra, grøn=bra, oransje=dårleg, raud=meget dårleg).   Foto: Fiskedirektoratet

Meiningar

Infrastruktur, gode skular og nok barnehageplassar er også god næringspolitikk. Heilt avgjerande for oss i havbruksnæringa som ønskjer å tiltrekke oss viktig arbeidskraft ut i distrikta. Å leggje til rette for privat næringsliv skal lønne seg. Det er derfor rett og rimeleg at vi har skattesystem som sikrar at store verdiar frå havbruksnæringa skal gå til kommune og innbyggjarane langs kysten. Gjennom havbruksfondet er alle kommunane med laks eller aureproduksjon sikra viktige årlege inntekter. Dette skaper sjølvsagt handlingsrom i mange kommunebudsjett.

Til opplysning fekk Stranda kommune i år utbetalt over sju millionar. Fylket aleine fekk litt under ti millionar. Kva så med Sykkylven? Ingenting, sidan kommunen meiner det ikkje skal opnast opp for havbruk i sin kystplan. Frå 2022 vil også den ekstra produksjonsavgifta, i media omtala som lakseskatten, gjeve enno større og stabile inntekter for landets havbrukskommunar (Sjå graf).

Graf: Anslåtte inntekter frå produksjonsavgifta. I tillegg kjem 40 prosent av salgs- og aksjonsinntekter.  Foto: Privat

Ei av dei store utfordringane for norsk havbruksnæring framover er tilgangen på areal. Vi er heilt avhengig av kommunar, som gjennom gode berekraftige kystsoneplanar, sett av areal til havbruk. Resultatet av dette er endå fleire arbeidsplassar, i det som er Noregs største eksportnæring etter olje og gass.

Berekrafta i næringa er blitt mykje betre dei siste åra. På Sunnmøre kan lakseoppdrettetarane vise til svært gode resultat i undersøkinga av miljøet og botnforholda under merdane i regionen (Sjå kart). Det tydar på gode straumforhold, og dyktige havbrukarar som tek sitt fotavtrykk på alvor.

Kart: Miljøtilstand under matfiskanlegg (Blå=meget bra, grøn=bra, oransje=dårleg, raud=meget dårleg).   Foto: Fiskedirektoratet

Havbruksnæringa blir stadig viktigare for Sunnmøre. Godt betalte arbeidsplassar i distrikta og viktige inntekter til kystkommunane er svært viktig. Burde ikkje det og vere insentiv for at også Sykkylven kan legg til rette for havbonden?