Dagens kommentar, 26. november 2021:

Mangel på tillit

Mistillit: Eva Kristin Hansen (Ap) hadde ikkje lenger tillit, og måtte gå av som stortingspresident.  Foto: Torstein Bøe / NTB

Meiningar

Stortingspresident Eva Kristin Hansen (Ap) hadde ikkje noko val etter at Adresseavisen avslørte skandalen kring pendlarbustaden. Ho leigde hybel hos partikollega Trond Giske i Trondheim. Samtidig eigde ho eit hus saman med ektemannen på Ski som ligg 29 kilometer frå Stortinget. Adressa ho opplyste til Stortinget, var Trond Giske si leilegheit i Trondheim. Då det vart kjent at politiet vil opne etterforsking, valde Hansen å trekkje seg frå presidentvervet. No har ho engasjert stjerneadvokat Elden som meiner at Eva Kristin Hansen ikkje har gjort noko som bryt regelverket. I ei utgreiing til Stortinget vedgår ho regelbrot, og erkjenner at ho skulle ha orientert om bustadkjøpet på Ski, og beklagar at ho har gjort ei feilvurdering. Ifølge Stortinget sitt regelverk må ein representant enten bu, eller vere folkeregistrert meir enn 40 kilometer frå Stortinget for å ha rett på gratis pendlarbustad.