Lesarinnlegg:

Stranda kommune og budsjettet for 2022

Svar til Sve: Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad, og leiar i Stranda Sp Petter Hjørungdal, orienterer om den økonomiske situasjonen i Stranda kommune etter at stortingsrepresentant Frank Sve fortalde sin versjon.  Foto: Randi Ansok / Arkiv

Meiningar

Frank Sve fortel sin versjon av den økonomiske situasjonen i Stranda kommune, og det har han sjølvsagt lov til. Men når han påstår at kommunekassa er tom, er han ikkje lite modig. Korleis situasjonen var då han sjølv gjekk av, gløymer han lett.

Sve meiner også at administrasjonen i Stranda kommune er topptung. KOSTRA-tala (kommunane sitt nasjonale rapporteringsverktøy) viser at dette ikkje stemmer. Stranda kommune er ein av dei mest effektive kommunane i sitt slag. Eg vonar Sve innser at stadig kritikk av administrasjonen, slit på dei tilsette. Å gjere sitt beste, og likevel stadig bli kritisert, verkar ikkje særleg motiverande. Det burde også Frank skjøne.

Økonomien for langt dei fleste kommunane rundt om i landet vårt er vanskeleg. Sidan Stranda bestemte å stå åleine og ikkje slå seg saman med andre kommunar, reduserte den gamle regjeringa overføringa til kommunen med mellom 4,5 og 5 millionar kroner. I tillegg medfører redusert folketal mindre løyvingar. Alt dette medfører at kommunen har mindre å rutte med.

Stram økonomistyring trengst for å kunne få til ei god utvikling i kommunen i åra som kjem, og vi er nøydde til å klare å byggje opp fond. Budsjettet for 2022 ber preg av det, og ein har vore nøydd til å redusere løyvingane både til helse, omsorg og skule. KOSTRA-tala viser at Stranda kommune har høgare ressursbruk innanfor desse områda enn tilsvarande kommunar, og vi meiner tida er inne for å redusere utgiftene her. Det har over tid vore arbeidd med å sjå på løysingar (RO-prosjektet), og budsjettet til neste år synleggjer desse endringane. Gjennom dette skal vi leggje grunnlag for ei meir differensiert teneste som er betre tilpassa den einskilde sine behov.

Omsorgstrappa er sentral i dette arbeidet. Folk skal kunne få bu heime så lenge dei ynskjer. Sjukeheimane skal berre vere for dei kritisk sjuke. Dette er i tråd med den nasjonale kvalitetsreforma «Leve heile livet». Denne byggjer på at alle eldre skal få betre støtte og hjelp til å meistre livet. Betre kartlegging av heimane og hjelp til å tilpasse bustadane, er sentrale oppgåver her. Husbanken løyver midlar til slikt arbeid.

Stranda Sp vil fylgje nøye med korleis budsjettendringane innanfor helse og omsorg verkar, og vil sjølvsagt kome med endringar viss det trengst.

Dersom vi meistrar ei god økonomistyring i åra framover, skal vi greie å byggje ein ny barneskule i sentrumskrinsen. Dette vil sjølvsagt medføre ei betre bygningsmasse og betre læringsmiljø for elevar og lærarar. Vi vurderer også å kople denne utbygginga saman med bygging av fleirbrukshall, noko som vil vere svært tenleg for innbyggjarane, og ikkje minst for dei vidaregåande skulane våre. Svært store økonomiske lyft som dette medfører, kan berre realiserast gjennom god økonomistyring og langsiktig planlegging.

Stranda kommune har eit sterkt, godt og variert næringsliv, og det er avgjerande og svært positivt for kommunen. Eit tett og godt samarbeid mellom kommunen og næringslivet vil vere svært viktig i framtida. Ikkje minst blir satsinga innanfor næringsmiddel og reiseliv avgjerande, og kommunen vil hjelpe til så langt ein maktar. Næringslivet er avgjerande viktig for framtidige skatteinntekter, for arbeidsplassar og for handel og service.

Skal Stranda bli ein framtidig vekstkommune, må vi evne å skaffe bulyst og trivsel for innbyggjarane våre. Lukkast vi med dette i kombinasjon med næringslivet sine behov for utvikling og nytenking, vil det gje grunnlag for arbeidsplassar i eksisterande bedrifter, men og i nye forretningsområde. Det vedtekne budsjettet meiner vi legg til rettes for dette, for det er fyrst gjennom godt samarbeid mellom det offentlege og private, at vi kan lukkast.