Dagens kommentar, 22.12.2021:

Ei høgtid som forsterkar kjenslene

Snart jul: Mange rampenissar har vore og tatt seg til rette kring i heimane i førjulstida.   Foto: Monica Aure Fallingen

Meiningar

Førjulstida er på hell, fire lys er tende, og vi gjer oss klare til nok ei annleis jul. Mange har handla inn mat og drikke, gåver, julepynt og festklede for lengst. Rampenissar, julekalendrar, julepysjar og julestrømper er på plass. For ein del er det sett av eit heilt eige budsjett berre til julebelysninga. Kanskje har vi ekstra stort behov for å gjere det ekstra triveleg rundt oss no, i ei tid prega av restriksjonar, avstand og usikkerheit. Her er det berre å gjere det beste ut av situasjonen.