Lesarinnlegg:

Kommentar til Frank Sve sitt innlegg «Brutale kutt»

Knut Dag Langeland  Foto: Privat / Arkiv

Meiningar

Når Frank Sve skriv at AP berre bryr seg om administrasjonen og gir blaffen i dei eldre og helsetenestene, skjønar eg ikkje kvar han har det frå?

Går ein inn å kikkar på KS sin tabell «sysselsette personar etter arbeidsstad og sektor 4. kvartal 2020» ser ein at Stranda kommune ligg heilt på botnen med 20,8 prosent i offentleg sektor. Tingvoll og Aukra ligg på 41 prosent og på toppen finn ein Volda med 48,5 prosent.

Stranda AP er vel kanskje det partiet som oftast kjempar for dei sjukaste og svakaste personane og som ivrast mest etter å få tak i fagpersonar innan helsesektoren i Stranda kommune.

Stranda AP har to gongar siste åra vore pådrivar for å sikre legekontoret på Hellesylt, sist no på budsjettmøtet i desember. Heldigvis har nesten alle 25 representantane i kommunestyret stemt for begge gongane. Då vert det feil av Frank Sve å påstå at Langeland og AP vil legge ned legekontoret.

Hovudintensjonen med mitt innlegg var å forklare innbyggarane og prøve å gjere dei betre kjent med innhaldet av ei differensiert teneste (RO-prosjektet). God og rett informasjon er heilt avgjerande for å lukkast med omstillinga til «Omsorgtrappa».

Frank Sve skuldar SP, AP og varaordførar / H for å ha brukt opp 18 millionar frå aquafondet som skulle gå til fleirbrukshall på Stranda. Når vart det bestemt? Aquafondet er frie inntekter som kommunen fritt disponerer. Ingen av desse partia er imot å bygge fleirbrukshall, snarare tvert imot.

Men med ein svært anstrengt økonomi, høg lånegjeld og med store investeringar i åra som kjem må ein tenkje langsiktig og ha god kontroll på økonomien. Bra kontroll på økonomien har ein hatt siste åra, og fortsett vi slik; Ja då kan vi få realisert prosjekt innan skule, helse og kultur/fritid.