Lesarinnlegg:

«Kvifor raserer Sp/Ap eldreomsorga, dersom kassa ikkje er tom?»

Frank Sve   Foto: Staale Wattø / Sunnmørsposten

Meiningar

Tryggestad og CO kuttar over 10 millionar kroner i eldreomsorga og ca. 3 millionar kroner til ungane våre i skule og oppvekst, kvifor gjer dokke dette dersom kassa ikkje er tom?

Her er fasiten der Sp og Ap har brukt opp:

  • 150 millionar kroner i eigedomsskatt, tatt inn for å dekke 50 millionar kroner i underskot som vart dekt inn i 2018, men held fram å røve folks lommebok.
  • Over 18 millionar kroner i aquafond som har blitt brukt til alt anna enn fleirbrukshall og nye Solbakken omsorgssenter.
  • Tidenes lågaste rentenivå i fleire år, og tidenes høgaste overføringar frå staten.
  • Administrasjonen gira opp år for år, tidlegare økonomisjef åtvara, men for døve øyrer.

Kvifor stemte Tryggestad og Langeland imot FrP sitt framlegg om å starte opp forprosjekt og planlegginga av nye Solbakken omsorgssenter/sjukeheim på Stranda?

Jau, alt dette, fordi kassa er smekk tom!

Kvifor kuttar dokke og raserer kommunale viktige tenester for våre eldre og unge med ca. 13–15 millionar kroner, dersom det ikkje er økonomisk krise?

Kvifor måtte kommunen ved to anledningar siste året ta opp likviditetslån for å kunne betale ut løn?

Kvifor skuldar du på alt anna ordførar og Langeland, når realitetane ikkje er råd å snakke seg vekk ifrå?

På tide no å bruke pengar på Stranda tettstad, fleirbrukshall, renovering/nybygg av Ringstad skule, og byggje nytt som erstatning for Solbakken omsorgssenter som skulle vore gjort for mange år sidan.

Slutt å kaste pengane ut av vindauget til ferjekai på Hellesylt som er fylket sitt ansvar, og som til dømes musikkfestival i Geiranger, ikkje rart kassa er tom!