Lesarinnlegg:

Kva kan vi gjere for å hjelpe, Stranda?

Ole Bjørn Roald  Foto: Privat

Meiningar

Nye krav til utslepp trer for full kraft inn for Geirangerfjorden og andre verdsarvfjordar i Noreg i 2026. Om ikkje Sjøfartsdirektoratet får utsett Stortingets vedtak om utsleppsfrie hamner til 2030 så kan dette få enorme konsekvensar for vår grannekommune Stranda.

For Stranda betyr det at dei fleste cruiseskipa vil bli nekta tilgang til Geirangerfjorden i fleire år medan skip blir ombygde eller bygde etter nye miljøkrav. Berre eit fåtal mindre skip vil kunne oppfylle dei nye krava. Fråværet av skipa, som sidan 1869 har vore med på å sette Geirangerfjorden på verdskartet, har vi alt fått føle på. Turistskipa er eit fantastisk syn på fjorden. Både kommunar, næringsliv og folk flest merkar fort når ei viktig inntektskjelde, eit yrande folkeliv og ynda motiv, plutseleg forsvinn over natta, slik den har gjort i Covid-pandemien.

For å forstå kor mange cruisepassasjerar som kjem inn Storfjorden til Geiranger i ein normalsesong, så svarar det til 17.000 bussturar, tur/retur i perioden mai til september, eller 170 bussturar kvar arbeidsdag i 5 månader. Det er sjølvsagt ikkje mogleg eller ønskjeleg å overføre denne trafikken til landevegen, men det set ting i perspektiv. Utfordringane som Stranda kommune står ovanfor er ikkje eller bør ikkje vere ei lokal utfordring. Heile regionen må samarbeide for å ikkje miste turistar til andre destinasjonar.

Regionen vår og fjordane våre har mykje å tene på strenge miljøkrav, men vi har også mykje å miste om vi ikkje forstår konsekvensane. Vi snakkar om eit nytt tidsskilje som kommunane, fylket, staten, næringslivet og reiselivet må møte med samarbeid. Eit nullutsleppskrav frå 2026 vil kunne få store økonomiske konsekvensar for svært mange, om vi ikkje handlar. Berre i Aurland omset næringslivet for 300 millionar i året i tilknyting til skipstrafikk, vår region mykje meir. Nasjonalt skaper cruisenæringa årlege inntekter på om lag 20 milliardar kroner, så det seier seg sjølv at næringa er viktig og av nasjonal økonomisk verdi. Så kva kan vi gjere?

Politikarar i fylkesutvalet har bedt staten om ein omstillingspakke til det grøne skiftet til nærare 1 milliard kroner for Stranda kommune som i hovudsak omhandlar området rundt Geirangerfjorden. Burde vi ikkje samtidig sjå på tiltak i nabokommunar. Kva er mogleg å gjere og kva ringverknader kan endringane gi?

Flakk-gruppa er alt i gang med sine planar for hydrogenproduksjon på Hellesylt, og elektrifisering av båtar er i full gang, Geirangerfjorden vil bli som Nærøyfjorden, der mindre null-utsleppsskip frakter passasjerar inn fjorden, og det vil skje frå Hellesylt. Andre mindre såkalla explorer-skip som fyller krava vil også kunne gå inn. Dei store cruiseskipa derimot, som vi er vande til her i vårt område, vil ikkje ha ny teknologi på plass før om mange år, og vil dermed måtte søke hamn andre plassar.

Til stor fordel for Stranda si turistsatsing så kan fleire stadar rundt Stranda nyttast som avlastingshamner. Greier vi det, så opnar det for utvikling i disse kommunane samtidig som Stranda vil kunne utnytte andre attraksjonar og hindre for stort fråfall av cruiseturistar i si kommune. Vi må utnytte dei korte avstandane vi har mellom oss, for å bruke etablerte og skape nye berekraftige opplevingar som alle tener på.

For eksempel har Stranda ei matnæring i verdsklasse, medan Sykkylven har tuftene etter ein av Nordens største gildehaller, slik kunne ei ny kulinarisk turistrute sett dagens lys. Kvifor skulle vi ikkje det, med den rike mathistoria og næringa som vårt område representerer? Vi reiser jo sjølve land og strand rundt for å oppleve andre sine matkulturar. Reisa kunna starta i Sykkylven, via Stranda og enda på Hellesylt, der turistane går om bord i null-utsleppsskip som tek dei med inn Geirangerfjorden. I mellomtida forflytter cruiseskipet seg til Urke, der dei same passasjerane går om bord igjen. Normalt ligg eit skip i Geiranger i 8 timar, så det skulle vere nok tid til opplevingar med våre korte avstandar. I vår region finn vi matskattar og historie med eit enormt potensial. Vi kan få til det same som Italia med sin parmesanost eller Spania med si serrano-skinke om vi får til eit tettare samarbeid mellom reiseliv og lokalmat-produsentar. Kombinerer vi dette saman så ville det blitt ei fantastisk oppleving. Opplevingar som dette er turistar villige til å betale meir for og akkurat det Innovasjon Noreg og norsk reiseliv ønsker å satse på.

Sykkylven har vi eit rikt næringsliv, fjella, unike fornfunn i nordisk samanheng, natur- og møbelmuseum og andre kortreiste natur- og kulturopplevingar. Stranda har gondolen, matnæringa, kanskje ein framtidig mathall, Ljøen, Hellesylt og ikkje minst Geiranger. Fjord kommune har Valldal og jordbær og Eidsdal, begge med korte avstandar til verdskjente reisemål, og for å ikkje snakke om kva Ørsta har å tilby gjennom Hjørundfjorden og Nordangsdalen! Alt ligg til rette for oss!

Stranda, som sjølve har vore vertshamn for turisme til Loen Skylift, der turistar blei frakta med buss frå Hellesylt, kan ha like mykje å hente med ei vertshamn i for eksempel Sykkylven og Ørsta. Eg vil påstå at vegen mellom Sykkylven, Stranda og Hellesylt kan bli minst like attraktiv som turistrute, som mellom Hellesylt og Loen. Distansen er den same. Tenk alt vi har å by på!

Stortingsvedtaket som fører til at berre utsleppsfrie båtar kan ferdast på verdsarvfjordane frå 2026 er også ønska velkomen av cruisenæringa. Dei vil fortsette å kunne ha norske fjordar som reisemål, men mangelen på landstraum vil skape ein kritisk situasjon for cruiseturismen. Den må løysast fleire plassar enn berre på Hellesylt og i Geiranger. Derfor bør dette takast med i pakken som politikarar i fylkesutvalet har bedt staten om, og også inkludere utviklingsprosjekt i nabokommunar rundt Stranda kommune.

Som leiar i Aura-Påls vener i Sykkylven etterlyser eg initiativ og samarbeid mellom politikarar og næringsinteresser i kommunane våre og regionen elles på nettopp dette. Kva gjer vi i fellesskap for å møte dei enorme endringane Stranda kommune står ovanfor?