«Er borte frå kontoret, legg att ein beskjed etter pipetonen...»

  Foto: Illustrasjon/fotomontasje: Linda Nygard-Sture

Meiningar

I fjor arbeidde eg som lærar på ein liten stad i nord. Du veit.. ein sånn stad der kor bestefaren til ein kollega er ilag med utleigaren av leilegheita, og parkeringsplassen delast med foreldra til elevane og ordføraren er gruppetreningsinstruktør og fotballtrenar og alle har felles postkassestativ. Nesten. Men nokon av naboane mine i nord pendla langt til jobb, og eg tenkte i mitt naive sinn at «wow, eg er jo kjempeheldig som berre treng å gå eit par minutt og så er eg på jobb! Kan til og med stikke heim i lunsjen om eg har gløymt mat. Det kan ikkje dei, ha, ha!». Etter kvart skulle det vise seg at nokre dagar var det nok veldig fint for naboane mine å arbeide ein annan stad enn heimbygda.