Tre forslag til kommunens nyttårsforsett

Marit Lofnes Mellingen.  Foto: Privat

Meiningar

Nytt år – nye moglegheiter? Er handlingsrommet for lite og kommunen for oppteken med å løyse lovpålagde oppgåver? Her er tre forslag som handlar om å jobbe litt smartare og som kan bidra til positiv utvikling på litt lengre sikt.

Dette er tre punkt kommunedirektøren godt kan ha som nyttårsforsett, saman med alle dei flinke folka hen har rundt seg. For ordens skuld: Det er ikkje slik at ikkje kommunane gjer noko av dette allereie. Men mange kan gjere meir av det. Utan at det kostar så mykje. Dette er tiltak som handlar om å tenkje og handle litt annleis enn det som er mest vanleg.

«Vi skal ta vare på dei som bur i og kjem til kommunen»

Det bur folk i alle kommunane i Norge. Kvart år flyttar det nye folk til alle kommunane i Norge. Likevel går folketalet ned i svært mange av dei. Då er det lett å rope «ulv!» og konsentrere seg om feil innbyggjarar: Dei ein ikkje har. Konsekvensen av det kan vere at ein lagar eit bilete av at det står veldig dårleg til i kommunen.

Har du lyst til å bu i ein kommune det står dårleg til i? Ikkje det? Då kan det tenkast at du hadde sett meir pris på å bu i ein kommune der du følte at innsatsen vart retta mot deg og dei andre innbyggjarane – og mot dei som har kome flyttande i det siste. I Distriktssenteret meiner vi at den langsiktige effekten av å satse på dei innbyggjarane ein har, er mykje viktigare for utviklinga av kommunen enn å prøve å skaffe fleire innbyggjarar. Det er lettare å lage ein kommune det er godt å bu i enn ein kommune som «alle» vil flytte til.

Mitt ønskje er at kommunane i 2022 set seg realistiske mål for framtidig utvikling. Bruk statistikk og eigen kunnskap til å gjere gode val. Kan kommunen planlegge for vekst ein er trygg på at kjem, er det flott. Er ein usikker (noko det for mange kommunar er naturleg å vere), kan det vere betre for kommuneøkonomien å planlegge for å bremse befolkningsnedgangen enn å planlegge for ein vekst som ikkje kjem.

«Vi skal vise fram jobbane og moglegheitene»

Vi veit at mange ungdommar ser for seg ei framtid i Distrikts-Norge. Problemet er at dei ikkje har trua på at det er mogleg å få draumejobben i Distrikts-Norge. Ungdommens distriktspanel peikte i sine ti råd til framtidas distriktspolitikk på at dei må ha tilgang til jobbfellesskap, arbeidserfaring og varierte arbeidsplassar.

Ungdommen fortel at dei ikkje har oversikt over kva slags jobbar dei kan få i heimkommunen sin. Då er det heller ikkje lett å vite kva utdanning som trengst for å få jobben. Sjølvsagt må kommunen også jobbe godt med ungdomsinvolvering og aktivitetar for ungdommen, for å skape ønskje om ei framtid i Distrikts-Norge. Men skal ungdom faktisk busetje seg i distrikta når dei blir vaksne, er det like viktig at kommunen jobbar godt med næringsutvikling, bumiljø, nærbutikkar og at den kommunale planlegginga fungerer godt.

Mitt ønskje er at kommunane i 2022 samarbeider godt med det lokale næringslivet sitt for å vise fram kva jobbar dei kan tilby, og kva som skal til for å arbeide. Eg ønskjer meg ei satsing som synleggjer moglegheitene for attraktivt, fleksibelt og staduavhengig arbeid – og framsnakking av draumejobbane.

«Vi skal kjøpe lokalt når det er mogleg»

Mange kommunar er ein del av regionale innkjøpssamarbeid. Det er lurt, både fordi det styrkar innkjøpskompetansen og fordi det gir høve til å spare pengar. Samtidig kan det vere ei utfordring for nærbutikkar og anna lokalt næringsliv i Distrikts-Noreg å kunne vere med i konkurransane om å få kommunen som kunde. Slik treng det ikkje vere, for det er mogleg å ha to tankar i hovudet samtidig.

Eit grep kan vere å skilje mellom grossistar på daglegvarer som er gode på å levere til storhushaldning, og lokale daglegvarebutikkar som kan levere mindre volum til skular og barnehagar. Kommunen kan dele opp kontraktar, og la mindre einingar som til dømes grendeskular og barnehagar handle lokalt.

Mitt ønskje er at kommunane i 2022 legg til rette for at lokale verksemder kan delta i anbodskonkurransar – og brukar innkjøpspolitikken sin til å tenkje på berekraft og samfunnsutvikling, ikkje berre kortsiktige økonomiske innsparingar.