Lesarinnlegg:

Møreaksen under lupa

Frank Sve  Foto: Even Ørjasæter

Meiningar

Møreaksen bør vere ei viktig sak for Riksrevisjonen, då skattebetalarane sin pengar ikkje skal sløsast vekk på prosjekt som folk flest ikkje vil ha.

Eit stort fleirtal av befolkninga her i fylket har klart slått fast at dei ynskjer framleis ferjer eller Romsdalsaksen som kryssing av Romsdalsfjorden.

Dette har sjølvsagt ikkje Statens vegvesen fått med seg, der dei framleis turar fram med Møreaksenprosjektet som må vere noregsrekord i sløsing av skattepengar.

Det er skremmande å sjå at også leiande personar i denne etaten, ikkje har fått med seg at Statsetatar skal jobbe for folket, ikkje imot.

Når Riksrevisjonen får sett på Møreaksensaka og skandaleavsløringane som Tidens krav avslørte, reknar eg med «pipa får ein anna låt» både her og der.

Heldigvis blir det ikkje løyve ei krone til oppstart av dette prosjektet dei neste fire åra i Stortinget, og då går dette prosjektet djupt ned i skuffa av hjelpelause statsprosjekt som heldigvis har vorte skrinlagt.

Uansett er det viktig at slike prosjekt kjem grundig under lupa, for å hindre at slike store feilgrep og sløsing med skattebetalarane sine pengar ikkje skjer igjen.