Dagens kommentar, 5. januar 2022:

Nok eit uvanleg år

Testing: Det blir spanande å sjå kor mange posititve testar det blir dei komande dagane.  Foto: Foto: Erik Johansen / NTB

Meiningar

Vi pusta letta ut då vi var ferdige med det spesielle året 2020, det året korona kom. 2021 skulle vise seg å verte like uvanleg. No er vi inne i nok eit år som startar med strenge restriksjonar, avstand og avlyste arrangement. Nye koronavariantar kjem til, og ein kan kjenne på at pandemien ingen ende vil ta. I underkant av tre milliardar personar er registrert koronasmitta globalt, og nær 5,5 millionar av desse har mista livet.