Dagens kommentar, 7. januar 2022:

Attraktive kommunar for unge og gamle

Eldre: Det blir stadig fleire eldre og færre yngre.  Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Meiningar

Noreg eldast i eit aukande tempo. Om berre ti år vil det for første gong vere fleire eldre enn barn, melder SSB, som også forventar at kvar femte person vil vere over 70 år i 2060, mot dagens ein av åtte. Talet på barn og unge går ned. Kvinner vert eldre enn før når dei får barn, og barnetalet per kvinne er nede i 1,96. Demografiendringane gjer at mange kommunar må omstille seg og tilpasse tenestene sine, i tråd med dette.