Næringslivet frykter korleis framtida blir etter at cruisetrafikken har sagt takk for seg. Det er ikke lenge til. Frå 2026 blir det få om ingen flytande hotell å sjå i verdsarvfjordane på Vestlandet. Resten av landet blir ikkje berørt av Stortinget sitt vedtak. Rikspolitikarane har slått fast at berre utsleppsfrie skip får stemne inn dei to mest attraktive fjordarmane i Norge – Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.

Ingen protestar har nådd fram.

Dei som kjenner turistnæringa mest, har hevda at fire friår mellom 2026 og 2030 vil vere nok for at reiarlaga kan få bygge om deler av flåten, og få sjøsett nye farkostar. Men, nei. Heller ikkje mengda av bøner frå dei som i stor grad lever av inntekta frå den veksande skipstrafikken, har klart å snu haldninga.

I ettertid av den politiske avgjerda på Løvebakken, bør det kanskje vere på sin plass å stille spørsmål om distrikta som får lide mest etter 2026, har vore samstemte og sterke nok i argumentasjonen.

Fagfolk, og økonomar som kjenner bransjen best, fryktar for eksistensgrunnlaget for reiselivsbedrifter som har eksistert i generasjonar. Nye har kome til. Saman har dei gitt framgang og vekst for levedyktige bygder.

Kampen, om ein skal ty til slik ordbruk, kunne med fordel vore retta meir bevisst på konsekvensane av «å stenge verdsarvfjordane». Alvoret treng ein ikkje tvile på.

Folk som bur og lever i desse turistbygdene, kvir seg for kva som vil kome. Dei kjenner verdien av cruisetrafikken.

Gjennom media har vi ofte fått fortalt at passasjerane ikkje er særleg flittige til å bruke kredittkorta. «Dei legg ikkje igjen pengar etter seg», heiter det gjerne. Dei som sit bak kassaapparata, og andre som er i nærkontakt med denne gruppa av kundar, hevdar gjerne og ofte noko anna.

Ingen tvil om at cruise er viktig som næring

Det er ikkje tilfeldig at verdsarvfjordane gjerne får orkesterplass i marknadsføringa av Norge som reiselivsdestinasjon . Få – om nokon – har ein meir sentral plass hos dei som arbeider for at stendig fleire turistar skal kome og gjerne bli her.

Min enkle påstand er at knapt nokon vil tape på at Stortinget gjer om vedtaket sitt, og går inn for at alle skip som vil sigle langs dei attraktive vestlandsfjordane, må vere garantert utsleppsfrie seinast i 2030.