Styreleiar i Stranda Energi AS hevda i Nyss at sal ikkje var eit tema, men i kommunestyret framførte styreleiar heftig argument for å gje vekk heile Stranda Energi AS samt fallrettane over til Ørsta kommune og Tussa as. Eg toler mykje, men regelrett forsøk på å forlede og bløffe befolkninga aksepterer eg ikkje.

Når styreleiar i Stranda energi as i Nyss klart og tydeleg forsøker å framstille at eit sal av Stranda Energi AS er totalt uaktuelt, blir det direkte useriøst når realiteten er at ein ynskjer å akkurat gjere dette med heile selskapet pluss fallrettane til Stranda Energi AS. Dei som tok ordet i debatten frå Sp, Ap og Høgre lovprise å selje heile Stranda Energi AS inkl. fallrettane til Ørsta kommune og Tussa AS i betaling får dei nokre få prosent i aksjar i Tussa AS. Det er ikkje sal seier dei, kor greinalause går det an å forsøke å vere? Om ein får pengar eller aksjar frå ein fusjon/sal, er rivnande likegyldig, selskapet blir seld og eigedomsretten til «arvesølvet» til Stranda kommune forsvinn. 1–2,5 mill. kr forventar ein i årleg utbytte, samtidig som skatteinntekter på fleire mill. kr frå selskapet til Stranda kommune forsvinn, då ein i framtida vil skatte til Ørsta kommune der Tussa AS høyrer til. Ein framtidig eventuell emisjon og aksjekapitalauke i Tussa vil kunne «vaske ut» Stranda sin eigendel i selskapet, og såleis «vaske vekk» alle spor etter Stranda sitt arvesølv.

Stranda energi vart starta i 1917, og meir enn 100 år med kraftproduksjon forsøker altså enkelte å gje vekk til Tussa AS. At ein heller ikkje forstår at ei såkalla «dårleg og risikofylt investering i Stranda energi as» skulle verte ei god investering for Tussa AS, seier det meste. Kvifor ivrar Tussa AS etter å kunne overta Stranda Energi AS? Trur nokon i Sp at Tussa AS gjer dette av veldedigheit? Det meste er aldeles sprøtt i Stranda kommune for tida.

Sp sin representant frå Geiranger har på inn og utpust framsnakka å bruke meir enn 70 mill. kr på ei brannbilgarasje, medan det altså ser ut til at ein har tenkt å gje vekk Stranda energi as på «billigsal». Sp nærmar seg sperregrensa i meiningsmålingane og kva som er målet i Stranda for Sp veit ikkje eg. Det kan sjå ut til at Sp på Stranda meiner at, rasering av eldreomsorga, store kutt innan pleie og omsorg, 70 mill. kr til brannbilgarasje, fylkeskommunal ferjekai på Hellesylt, og no å gje vekk Stranda energi as på billigsal, er det lokale målet for å bli kasta ut av strandapolitikken.