Budsjett, skjema, vedtak og planar - ord det luktar kommune av, - her Stranda kommune. Då veit vi at dei styrande er i ferd med å gjere noko av jobben sin. Politikarar og administrasjon fortener absolutt takk for det. Men her nokre tankar på «kjøt og blod». Lat oss fokusere på den store gruppa av Ola-menn og Kari-kvinner på veg inn i alderdom og minkande, men kanskje stort, tal på restår etter at yrkeslivet er over.

Alle veit det: Eldre personar er både like og svært ulike. Like på den måten at dei fleste ønskjer seg ein trygg, god og så innhaldsrik alderdom som råd. Ulike i val av opphaldsstad, aktivitet, buform og grad/type av engasjement åleine eller saman med andre. Så langt det er mogleg for den einskilde å velje.

Lat oss i tankane prøve å møte nokre av desse godt tilårskomne sambygdingane våre:

Kari-1 er sprek og helsesterk. Ho ønskjer å bu i eigen heim saman med mannen sin så lenge som råd.

Det er bra, men kva ligg bak orda «så lenge som råd»? Lagnaden skubbar ofte endringar på, uventa og med stor kraft.

Ola-1 miste kona så alt for tidleg. Bustaden, heimen, vart ikkje som før. Naboane budde ikkje nær.

I aukande einsemd gnog også dei alvorlege orda frå siste augekontroll: - Du blir neppe heilt blind, men svaksynt, og bør planlegge ut frå det. Planleggje kva?

Kari-2 sleit siste åra i arbeidslivet. Hadde ofte vore plaga av sjukdom, og støtt vore åleine. Ho kjende seg som ei av dei mange gløymde som etter folketomme dagar snakka med seg sjølv og svara høgt «takk det same» om kanalverten på TV eller ei røyst i radioen ønskte «god natt». Datamaskin og sjølvtenkjande mobiltelefon kan vere gode hjelpmiddel, men hos Kari2 skapte dei kjensla: «- hjelp, eg er for dum og fossil – eg er ikkje smart som dei andre!»

Ola-2 innser det: Bilen må etter 60 trufaste år parkerast for godt. I tillegg kom ein kjempesvikt i høgrefoten. Krafta er borte. Postkassa står på same plass som før, men no kjennest 100 meter som er det 1000. Det hjelper lite med ein vaksen son og familien hans i ein heilt annan del av landet. Hadde han vore her, så hadde velttrena musklar teke seg av snøskavlane rundt trapp og inngang til huset.

Tanken kjem: - Hit til kommunen kom eg som ung og har brukt all mi arbeidskraft og betalt all min skatt her. Kva no?

Kari-3 trivst heime, men ei veninne på besøk stussa då Kari i fullt alvor såg på henne og sa: - Sjå no, du var mykje eldre enn mor di som fødde deg du, då du var lita, men ho også er vel blitt vaksen no? Veninna tenkte: - Kor lenge bør Kari bli buande åleine, og er neste stasjon dimensjonert for å ta imot henne med den omsorg ho fortener og har krav på?

Mang ein Ola tenkjer det, og nokre vågar seie det: - I dette digre huset mitt med stort vedlikehaldsbehov kan ein helselaus gamling ikkje bli verande lenger. Maktar ikkje alle dei praktiske gjeremåla, og hjelpa er kilometervis borte. Sit og stirer på den utleverte alarmknappen og fortel han sanninga: - du er kjekk så langt du rekk, du, men tryggleiksknapp vil eg aldri kunne kalle deg.

Kari nr 3,4,5 og mange fleire vil bu heime, helst til dei døyr. Dei har det meste av tida yngre familie og snille venner rundt seg. Slike som hjelper så langt tid og krefter rekk etter fullpakka dagar i arbeidslivet. Så blir hjelpa ei sterk blanding av glede og plikt.

Hyggelege, men travle, besøk av kommunale «firehjulsenglar» har dei også fått i kritiske periodar. Men kjem desse seg fram når vinterstormane hyler, eller når tunvegar er attsnødde og straumen borte. Vart dei utdanna til helsearbeidarar eller yrkessåførar? - Ja, ja dei finn meg vel, - litt levande eller heilt død? Slikt har hendt både her og der.

Vi kan tenkje oss fleire døme på personar der livslagnaden har fare fint med folk, eller gjort situasjonen håplaus. Når det siste skjer, dukkar tanken på storfellesskapet opp: Kommunen som har fått skattepengar og gitt tenester tilbake år etter år. Kva no?

Ein kommune er faktisk ein konstruksjon som korkje eig empati, vurderingsevne, anger, vit eller samvit. Desse eigenskapane er fordelt på menneska som bur der. Mange eldre i Stranda meinheld på håpet om at leiarane som er valde til å ta viktige avgjerder om eldrevelferd må vere mellom dei som har fått tildelt i overkant av gjennomsnitt både av vurderingsevne, vit og samvit. Då vil dei forstå at papir og planar berre er første steg i noko større og viktigare: Konkrete handlingar!

Nei då, mange eldre i Stranda kommune er ikkje sterkt negative og illsinte på kommunen. Dei er heller kloke og veit frå lange liv at samfunnsoppgåvene er mange. Men ei gruppe kjenner på  langdryg uvisse med tanke på einsemd og hjelpeløyse i alderdomen. Denne kjensla er lei å leve med.

Fordi talet på lengelevande stadig blir større, må rask handling til. Kari og Ola i høg alder ropar sjeldan høgt, men deira velbrukte «kjøt og blod» kviskrar gjerne sine spørsmål og har venta - truleg alt for tolmodig - på fleire konkrete svar:

1 - Viss varande sjukdomen slår til - finst der i dag plass slik at alle kan få den hjelpa dei treng?

2 - Når einsemd, maktløyse og uvisse over tid vil “kvele“ ein eldre heimebuande person - kan då denne få flytte nærmare hjelp og menneskeleg kontakt?

3 - Nokre pensjonistar er ikkje redde gamleheim, aldersbustad, omsorg-/eldresenter. men blir der plass for eldre som av ulike grunnar må ha, eller ønskjer, plass slike stader?

4 - Kva tid vil ny eller fornya bygningsmasse stige ut or kommunale planar og vedtak?

Å kleistre essensen ut av ordrikt, kommunalt språk er ofte ein tøff jobb sjølv for friske folk i sin beste alder. Truleg har mange godt vaksne oversett det vesle som med små bokstavar alt har vorte forklart om eldreomsorga.

Difor: Kan ordførar, eller andre som har ansvar og oversyn, gi korte, konkrete, og helst trøystefulle, svar på spørsmåla ovanfor, - svar med store nok bokstavar som er til å forstå, - og som forpliktar?

PS:

Så kom fredag den 13.: Fleire eldre reagerer med vantru og harme på dei uventa opplysningane i lokalavisa om avvikling av aldersbustaden på Solbakken. Det er meir enn skam om eldre menneske skal forvisast bort frå heimane sine. Vi har høyrt om mange nok heimlause dette året om ikkje våre eigne eldre også skal bli det i 2023!