Over ein million nordmenn kan nå broderfolket i aust i løpet av ein time. I Sverige kan vi i dag handle matvarer som er om lag 40 prosent rimelegare enn i Noreg. Matminister Sandra Borch (Sp) repliserer med å seie at det er dyrt å handle elles i Europa også. Det ho ikkje må gløyme er at utgangspunktet for prisane ute i Europa ikkje kan samanlikne seg med det norske prisnivået.

Matprisane går no over alle støvelskaft. Folk flest har store vanskar med å få matbudsjettet til å balansere. Og då hjelp det lite at regjeringa har kome med ei liste på 10 punkt som skal vurdere kva tiltak som skal gjennomførast for å få kontroll med matprisane, samtidig som det er ulike høyringar på gang til ein kvar tid. Fleire av desse 10 punkta er gamalt nytt, og vil neppe resultere i rimelegare matvarer.

Også næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) er ottefull over at han ikkje klarer å få den «rette» dialogen med dei tre gigantiske matvarekjedene som råder grunnen i Noreg. Etter den siste prisauken kan mykje tyde på at regjeringa nok ein gong ikkje klarer å få kontroll, og til slutt aksepterer prisgaloppen, utan å gjere konkrete tiltak. Konkurransen mellom matgigantane fungerer ikkje. Dette er eit lukka system.

Forbrukarane kan ikkje berre gå ut i gata for å demonstrere mot regjeringa sin politikk, anten det gjeld auka matvareprisar, høge straum- og drivstoffprisar og stigande rente, slik dei gjer i andre europeiske land.

Framstegspartiet har kome med det eine forslaget etter det andre i ulike saker. Mellom anna halvering av matmomsen og max 50 øre på straumprisen. Men nei. Regjeringa er ikkje interessert i noko anna enn å få inn ekstra milliardar i avgifter til statskassa, og returnere lite tilbake til forbrukarane, dessverre.

Folk slit om dagen. Mange har problem, og føler seg makteslause. Er det slik vi vil ha det i verdas rikaste land? Nei, sjølvsagt ikkje. Men kvifor gjer ikkje regjeringa konkrete tiltak? Det å utnemne utval, eller legge saker ut på høyring, er å lure det norske folket. No har vi blitt lurt lenge nok! Eller for å seie det på ein annan måte: Nok er nok!