Ein framoverlent Ja-kommune!

For Stranda Høgre er det eit overordna mål å ta vare på og utvikle alt som er bra i samfunnet, og å finne dei beste løysingane på dei utfordringane vi har. Ambisjonen vår er eit samfunn der både dei som veks opp og dei som vert gamle har det trygt og godt.

Kommunen si oppgåve er å levere tenester til innbyggjarane og til næringslivet med høg kvalitet i alle bygdelag. Stranda kommune har eit variert næringsliv med sterke bedrifter og gode arbeidsplassar. Det skuldast ikkje minst lokale entreprenørar som tek risiko og investerer i industri, eigedomsutvikling, reiseliv, landbruk og handel. Vi vil støtte næringslivet og leggje til rette for gode rammevilkår og vekst. Stranda skal vere ein framoverlent Ja-kommune!

Vi heiar på innvandrarane som bidreg til samfunnet vårt. Mange av dei har flytta til kommunen og er viktige for fellesskapet. Kommunen må gjere alt ein kan for å integrere nye landsmenn i samfunnet. Tilstrekkeleg tilgang på kvalifisert arbeidskraft er ei stor utfordring, og kommunen må ta aktivt del i rekrutteringsarbeidet både nasjonalt og internasjonalt. Det må og gjerast meir for å inkludere menneske som står utanfor arbeidslivet i offentlege og private verksemder.

Stranda kommune har ein sentral rolle i utvikling av næringsareal. Vi må svare på næringslivets behov gjennom god arealplanlegging og effektiv sakshandsaming. Stranda Høgre vil leggje til rette for vidare utbygging av fritidsbustader, til dømes i fjellsida over Langlo og Storgjerde i Stranda tettstad.

Høgre har som mål å flytte statlege arbeidsplassar frå Oslo til distrikta. Stranda Høgre vil ta initiativ til etablering av eit kontorfellesskap i kommunen for personar med stadsuavhengige stillingar i offentlege og private verksemder. Dette kan gjere Stranda til ein meir attraktiv kommune å bu og arbeide i for personar med høgare utdanning.

Vi meiner reiselivsnæringa i kommunen kan utviklast både i Stranda tettstad og i de andre bygdelaga. Kommunen må saman med aktørane arbeide for større satsing på heilårs turisme. Vi vil jobbe for innføring av besøksbidrag for dei som kjem til verdsarvområdet.

Stranda Høgre prioriterar gode tenester innan helse, eldreomsorg, skule og oppvekst. Vi meiner arbeidet med å planlegge bygging av ny sjukeheim og ny skule i Stranda tettstad må kome i gang. Men skal vi lukkast, krev det lokal og stram styring av kommunen sin økonomi og oppgåver i åra som kjem. Gjeldsbyrda til kommunen er for høg, og det må leggjast ein plan for ein gradvis reduksjon. Vi vil og gå i dialog med nabokommunane for om mogleg å skape ein større kommune på indre og søre Sunnmøre med sterkare fagmiljø. Det er kvaliteten på tilbod og tenester som er viktig for dei som bur i Stranda og dei vi ynskjer skal flytte hit, ikkje kor kommunegrensa går.

Høgre sitt viktigaste løfte ved dette valet er ansvarleg økonomisk styring, og ein framtidsretta politikk som gjer det attraktivt å bu, arbeide og leve i samfunnet vårt. Vi har trua på Stranda!