Under ein tur i Sykkylven sentrum kom eg over fleire glasbrot på vegen, denne gongen var det ei julebrus-flaske som hadde blitt knust i småbitar på asfalten. Dette er ein svært populær drikk no fram mot julehøgtida, kanskje spesielt blant den yngre garde. Det ein må ha i minne er at slike glasskår kan gjere stor og kostbar skade på dyra.

Dette fekk eg sjølv oppleve i fjor då hunden vår var så uheldig å trakke på knust glas. Den fekk seg eit kutt i poten som trengde behandling av dyrlegen. Den måtte i narkose, noko som var ei påkjenning for hunden, og poten måtte lappast saman igjen. I tillegg til desse glasbrota som førte til liding hos dyret, måtte eg ut med 3.500 kroner i veterinærutgifter. Det står fleire glaskonteinarar i sentrum, bruk dei i staden for å knuse flaskene på bakken.