I Nyss fekk vi onsdag 26. oktober den triste meldinga om at Flakk Gruppen legg fleire reiselivsprosjekt på Sunnmøre på is, mellom dei eit nytt hotellprosjekt på Ljøen og Basecamp Hotel Hellesylt der gamle Grand Hotel ligg. Hellesylt går dermed glipp av investeringar på om lag 600 millionar kroner og 65 nye arbeidsplassar.

Årsaka er regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2023 med mellom anna kraftig auke i formueskatten. For Flakk Gruppen er det snakk om ei dobling frå 9,1 millionar kroner i 2021 under Solberg-regjeringa i 2021 til 18,2 millionar kroner i 2023. Den totale skattlegginga vil utgjere meir enn det samla overskotet til selskapet.

Flakk Gruppen er diverre ikkje åleine om å kjenne på konsekvensane av at Støre og Vedum sin næringsfiendtlege politikk. Som kjent skal skattane neste år aukast med 46 milliardar kroner, der det meste av rekninga, 41 milliardar, vert sendt til næringslivet og dei som eig større og mindre verksemder. Etter at framlegget vart presentert sendte Stranda Høgre ein e-post til leiarar og eigarar i verksemder i kommunen, med to spørsmål:

  1. Kva vert truleg konsekvensane av skatte-framlegga for bedrifta di med omsyn til drift og planlagde investeringar?

  2. Kva meiner du det særleg er viktig at Høgre jobber for å endre i sitt alternative framlegg til statsbudsjett?

Tilbakemeldingane frå næringslivet i Stranda kommune er eintydige: Skattebyrda vert samla for stor og skaper usikkerheit for framtidige investeringar. For verksemder innan fiskeoppdrett og dei som leverer tenester til denne næringa, er det særleg otte for framlegget om grunnrenteskatt. Det vert mellom anna vist til at mange oppdrettsfirma no har latt vere å gjere bruk av moglegheiten til kjøp av ekstra produksjon. På den måten har investeringar allereie gått tapt og Norges posisjon som leiande innan havbruk vert svekka.

Det same gjeld både dei som er engasjert i reiseliv og i dei mange mindre industriverksemdene i kommunen, samt dei som investerer i typiske gründerbedrifter. Når eigenkapitalen vert tappa som fylgje av høgare skatt på formue og utbytte, vert óg tilgongen på framandkapital svekka. So sjølv om viljen til å gjere nye investeringar er stor, vert evna på langt nær den same. Som ein investor skriv til Stranda Høgre: «Både omfang av skattar og den usikkerheiten som rår om «kva vert det neste?», går til direkte reduksjon på denne potten.»

Av dei 41 milliardane som regjeringa skal dra inn i auka skatt frå næringslivet, kjem 7,7 milliardar i form av påslag med 5 prosent i arbeidsgivaravgifta for alle dei som har ei samla løn over 750.000 kroner. Tilbakemeldinga frå det lokale næringslivet er at det er uklokt. Det kan mellom anna føre til at fleire veljer å leige inn arbeidskraft i staden for å tilsetje folk med høg kompetanse.

Stranda Høgre har sendt dei reaksjonane vi har motteke på framlegget til statsbudsjett til stortingsrepresentant Helge Orten frå Møre og Romsdal, som er medlem i finanskomiteen. Høgres fraksjon jobbar no med eit alternativt opplegg som skal vise at det er mogleg å lage eit budsjett som óg næringslivet kan leve med. For det underlege med framlegget til regjeringa er at dei ikkje vågar å ta grep som reduserer statens utgifter på totalt 1.748 milliarder kroner. Eller som Høgres Tina Bru sa i ein kommentar: «Alle skal på dugnad, med unntak av staten!».

Høgre og dei andre ikkje-sosialistiske partia har ikkje fleirtal på Stortinget, og det er diverre grunn til å frykte at skattebyrda for næringslivet vert enda høgare når regjeringspartia har forhandla med SV om neste års budsjett. Når Senterparti-ordførar Jan Ivar Tryggestad i Stranda seier til Nyss at han meiner «den totale skattebelastninga kan bli for tøff» og at «signala som har kome frå næringslivet har vore urovekkande», vitnar det om ei forståing av røyndomen som samsvarer med dei reaksjonane vi i Stranda Høgre har fått frå dei som «har skoa på» i kommunen. Samstundes har vi sterk tvil om bodskapen til ordføraren når fram til partifellene på Stortinget, og fører til endringar i eit distrikts- og næringsfiendtlig statsbudsjett.

Det næringslivet treng no er ein politikk som sikrar investeringar, vekst og innovasjon både på Sunnmøre og i resten av landet. Vi er redd for at regjeringa i sin iver etter å ta dei rike, rett og slett vil føre til fleire fattige.

Regjeringas framlegg til statsbudsjett er feil medisin i ei krisetid.