Prisstiginga på stål, betong er skyhøge og opp om lag 70 prosent, derfor vil Møreaksen koste godt over 40 milliard kroner.

Ikkje berre byggvarer er i full prisgalopp, men på grunn av drivstoff og straumprisane som går til himmels, går alle prisar innan transport- bygg og anlegg sjølvsagt til himmels.

Regjeringa skal gå kritisk igjennom alle større vegprosjekt og Statsministeren har klart sagt at det ikkje er pengar til dette.

Møreaksen som i tillegg er firefelt utan trafikkgrunnlag til dette, blir sjølvsagt avskilta og sett eit stort raudt kryss over.

No må alle både kommunar, fylket, næringslivet og politikarane samle seg om E-136 frå Ålesund til Bjorli. Dette er det vi kan klare å få til dei neste åra i tillegg til Strynefjellet.

Derfor kan Møreaksengjengen berre finne seg noko anna å fokusere på, Møreaksen er og blir avskilta og vil slett ikkje bli realisert.