Stranda kommune ligg sentralt plassert i det som blir definert som eit nynorsk kjerneområde. Kommunestyret har vedteke og stadfesta at tenestemålet er og skal vere nynorsk. Dersom vedtak ikkje blir etterlevt av tilsette, og eventuelle kjøpte tenesteytarar ikkje blir gjort tydeleg merksam på vedtak og retningsliner, vil det lett gli ut.

Eg har i mange år undra meg over, og påpeika, at sjølv det næraste bandet mellom kommunen og innbuarane - rekningane, ikkje har vore konsekvente i språkvegen. Det har vore ei salig blanding av nynorsk og bokmål i same rekninga. No er eg derimot redd for at dette er det stramma opp i - galne vegen.

Til dømes er bustad blitt eiendom, der eigaren er bytt ut med ny eier, og kravd etter høy sats, der Stranda kommune er utsteder. Dei som har vassmålar og skal melde inn målarstanden, har fått eit språkleg konsekvent omarbeidd skjema frå nynorsk til bokmål. Skjematisk er det heilt likt det gamle, men overskrifta Vassmålaravlesing er no Vannmåleravlesning. Alt som deretter ikkje er nøytrale ord er endra frå nynorsk til bokmål.

Eit slikt arbeid gjer seg ikkje sjølv. Er det gjort for lønn, eller betaling for oppdrag, bør det endrast gratis. Eg er svært klar over kommunen si økonomiske stode og trur knapt at tilsette har fått bruke arbeidstida si til dette. Kontroll på økonomi kan og ha noko med kontroll på innleie og kjøpte tenester.

Eg er slett ikkje så frustrert som eit avisinnlegg kan tyde på. Med eit smil ser eg av rekninga at kommunen ikkje har innført eiendomsskatt enno - berre eigedomsskatt. Lat det stå slik, så lenge vi treng det.