Sleivspark frå Lyngvær
At Ulstein vel å kalle innlegget mitt for «sleivspark» lever eg godt med, men skuld om hersketeknikk og at eg skal ha ein agenda om å setje han i dårleg lys kan eg ikkje ha usagt.
Eg skil svært godt mellom sak og person. Ulstein har sjølv valt politikerrolla og må då finne seg i at folk har andre meiningar enn han sjølv og Frp. Om han skal dra innlegg som bryt med meiningane sine opp i nasen, ja då blir det ein tøff valkamp med mykje snufsing. Olav, eg er framleis glad i deg, om du nokon gong har tvilt på det. Eg ønsker deg lykke til i valkampen.
Når det gjeld «hersketeknikk» så var det i beste fall dei med Frp-briller som kopla det slik. Utgård og Kalland er to taleføre karar som heilt sikkert klarer å svare for seg sjølv, om det var naudsynt.
Eg skreiv eit balansert innlegg der eg la til grunn mi forståing av forholda rundt saka. Om Ulstein har rett i at det ikkje var grunnlag for ei sak i kontrollutvalet eller ny legeplan, kvifor tok han då rapporten til kontrollutvalet til vitande? Og kvifor stemte han for den nye legeplanen? Om alt var i skjønnaste orden så var det vel ikkje grunnlag for å bruke ressursar på dette?
Ulstein trur at misnøya med legesenteret var først og fremst blant politikarar og administrasjon, dette er ein svært dryg påstand. Rekna han seg sjølv som ein av dei misnøgde? Sannsynlegvis ikkje.
Som politikar er det ofte ein taper kampar eller ikkje får gehør for sine meiningar i kommunestyret. Eg ønskte eit kommunalt legesenter i tillegg til det private, den kampen tapte eg så det song etter. Men eg går ikkje rundt og gneg på dette resten av livet. Som politikar må du legge «tapte» kampar bak deg, gå vidare og jobbe med/for det fleirtals vedtak som vert fatta.
Eg er klar over at «vinnerskallen» Ulstein ikkje liker å tape, men eg ser ikkje kva agenda han har som konstant er ute og kritiserer, og påpeikar det som han hevdar var gjort feil og kven som var ansvarleg for at det blei slik? Administrasjon og andre politikarar?
Mogleg Ulstein har rett, at det aldri burde vore ei sak. At kontrollutvalet, politikarar og administrasjon total feilvurderte signala frå (nokre) pasientar, lovpålagt oppgåver, nasjonale regler for utbetalingar, faglege rapportar og liknande. Men det får vi aldri svar på, og då gagnar det lite å gnage vidare på kva som ein gong var.
Men kva er eigentleg gale med eit kommunalt legesenter? Spør du meg; absolutt ingenting. Legesenteret er ei fellesteneste som server legane herunder med lokale, sekretærfunksjon, laboratorium, kontor og administrative tenester. Med det fordrar sjølvsagt at der er nok legar å «tene». Eg meiner at dei som kritiserer Sykkylven legesenter gjer dette i beste fall mot betre vitande. Eg står på min påstand at det er fastlegekrisa i landet som er grunn til at situasjonen på legesenteret er vanskeleg, og ikkje styringa til politikarar og administrasjonen i kommunen.
Til legesenteret, fast tilsette legar og vikarar, dykk gjer ein formidabel innsats. Eg håper og trur de vil snakke fram arbeidsplassen dykkar slik at vi får fleire faste tilsette legar i kommunen.