Stranda kommune vil dei næraste åra ha avgrensa økonomisk handlefridom og difor må Stranda Arbeiderparti prioritere dei lovpålagde tenestene. På den måten kan vi sikre at dei som treng det mest, får den hjelp dei har krav på.

Stranda Arbeiderpari ynskjer å prioritere barn/unge, helse/omsorg og legge godt til rette for eit aktivt næringsliv. Opprette heile stillingar, lærlingeplassar i alle einingar , legge til rette for fagbrev og sørge for eit inkluderande arbeidsliv. Tilsette ergoterapeut og psykolog, og jobbe for å innarbeide nytt omsorgsbygg og ny barneskule på Stranda når økonomien tillet det. Styrke skulehelsetenesta, PPT-sektoren og barnevernet / rusførebyggjande arbeid. Oppretthalde kulturskulen og arbeide målretta for å halde på Stranda VGS og Vestborg VGS. Jobbe for å ha byggeklare tomter for næringslivet og innbyggjarane. Sørge for gode og rette kommunale tenester i alle 4 bygdelaga.

God økonomisk styring er grunnlaget for å utvikle gode og rette tenester for innbyggjarar og næringsliv.

Stranda AP presser på for å få til ein «blå korridor» til Hellesylt, slik at cruiceskipa kan få nytte cruicekaia på Hellesylt også etter 2025. Vi arbeider vidare med Stordfjordsambandet, med å forsere ny Strynefjellsveg med arm til Geiranger og for å få realisert FV 60 gjennom Hornindal.

Difor må vi bruke pengane rett og tenkje smart før ein handlar. Vi må vedlikehalde vegar, bygg og anlegg. Byggje fond for å ha handlefridom og middlar til å bruke å knytte til oss ungdom og få familiar til å flytte til kommuna.

Stranda Ardeiderparti byggjer sin politikk på fridom, solidaritet og like moglegheiter for alle.