Kva tenker du er dei viktigaste sakene vi bør jobbe med framover? Sykkylven Høgre vil gjerne høyre di meining.

Sidan 2019 har Sykkylven Høgre vore ein del av ein fleirtalskonstellasjon i lag med Sp, V og Krf. Dette har fungert bra, vi har vore med å sett agendaen og vi har fått gjennomslag for mykje av vår politikk. Sykkylven Høgre har i dag 5 representantar i Kommunestyret, og disse er: Birgitte J. Sætre Bonesmo, Torill Velle, Jarle Strømmegjerde, Trond Bonesmo og Henning Sølvik.

I september i år er det kommuneval, og Sykkylven Høgre jobbar med nytt partiprogram for dei neste 4 åra. Når ein ser på partiprogrammet frå 2019-2023 så ser ein at vi har fått gjennomført mange av sakene.

Nokon av disse er:

  • Fleire sentrumsnære tomter. Det er regulert tomter bl.a. på Aursneset, i Ullavika, Fauskebygda, Grebstadlia, Berlitunet og Speidarvegen.

  • Realisere ny sentrumsskule med kulturskule og idrettshall. Disse vil stå ferdig i år.

  • Ny rundkøyring i krysset ved Raus og Øvstetegane. Denne blir ferdig til sommaren.

  • Opprusting av kommunale vegar og vinterbrøyting i Fasteindalen. Dette er realisert, sjølv om det alltid dukkar opp nye vegar som treng opprusting.

  • Fiber til alle husstandar. Dette er realisert og det er også starta fiberutbygging på Fjellsætra.

  • Satse på reiseliv og på Fjellsætra. Det er utarbeida ein Masterplan for reiseliv og det er satsa på Fjellsætra med hytteutbygging, vegar, løypetraséar, parkering og samarbeid med skianlegget.

  • Bli med i StikkUT (medlemsskap i Sunnmøre friluftsråd). Medlemsskapet var det som gjorde at ein kunne søke om sand til badestranda på Haugneset. Det har også gitt oss sykkelparkeringsstativ på Aursnesoddane og Haugneset, og «Leikepatruljen» på skulane.

  • Ein god og verdig eldreomsorg. Budsjetta siste åra har prioritert styrking av helse og omsorg og fleire plassar på sjukeheimen til personar med demenssjukdom.

  • Bygging av fleire bustadar for eldre i sentrum. Dette er realisert i samarbeid med private og Husbanken.

  • Gang/sykkelsti frå småbåthamna til Haugneset. Delar av dette er og vil blir realisert i 2023. Det blir også gangbru frå småbåthamna og over Aureelva.

  • Opprette senioruniversitet. Dette vart realisert i privat regi og heiter i dag seniorakademi. Men vi er utruleg stolt og glad for at det vart realisert.

  • Sikre at eigedomsskatten blir fjerna eller ligg på eit lågt nivå. Vi har sidan 2019 klart å halde skatten på lågast mogleg nivå. Skatten ligg lågare enn det kommunedirektøren har lagt fram i sine budsjettforslag, og er no på 3,2 promille.

  • Rasjonell og effektiv kommunal drift. Det er sett i gang eit arbeid med å sjå på bruk av alle kommunale bygg, og det er sett i gang ei stor omorganisering i kommunen.

  • Møteplassar og eit attraktivt sentrum. Som ein del av dette er det viktig med eit nytt og moderne bibliotek i sentrum. Dette blir ferdig i år og blir i same bygg som SkaparLinken (SNU og Omstillingsprogrammet) og Frivilligsentralen/Fønix.

  • Fleire møteplassar og tilbod til unge. Høbben er etablert (møteplass for ungdom og treningsstad for SIL e-sport). Kommunen støttar drifta med fast årleg beløp.

  • Etablering av minnelund. Arbeidet er igangsett og midlar er avsett. Blir jobba med.

  • Næringsvennleg kommune. Kommunen har eige prosjekt for dette gjennom Omstillingsprogrammet. Då Høgre var i regjering arbeida vi, i tett dialog med våre representantar på Stortinget/i regjering, for å få regjeringa til å redusere arbeidsgivaravgifta. Dette låg i budsjettframlegget frå Solbergregjeringa for 2021, og blei vedtatt.

No jobbar vi med nytt partiprogram. Det er oppretta ein partiprogramkomité og eg er leiar for dette arbeidet. I november arrangerte vi politisk pub på Raus, der vi fekk mange gode innspel. I løpet av vinteren og våren skal vi besøke bedrifter og einingar i kommunen, for å høyre kva dei er opptatt av. I mars blir det eit arrangement på Høbben for ungdommar for å få innspel frå denne aldersgruppa. Det skal også vere fleire medlemsmøte der innhald i partiprogrammet skal diskuterast.

Har du eit innspel? Ta kontakt med meg, eller nokon av dei andre i kommunestyregruppa til Sykkylven Høgre.