Kjære naboar og vener, eg har mange gode ungdomsminne herifrå, eg var russ på Stranda i 1994.

Eg vil takke for tilliten og æra for å få stå her og dele nokre refleksjonar på nasjonaldagen.

I dag feirar vi grunnlovsdagen og eg har den siste tida reflektert mykje over kva vi har å vere takksame for, og feire i den samanheng, og det er ganske mykje. Eg har vore så heldig, både i sivil og militær samanheng å reise til mange plassar og besøke mange nasjonar der samfunnet er innretta annleis enn her hos oss. Inkludert enkelte afrikanske land, Midtøsten og Russland. Eg har lyst å dele nokre personlege historier frå det året eg var student på Baltic Defence College i Estland, 2013/14.

Baltic Defence College er eigd av dei tre baltiske statane Estland, Latvia og Litauen, men drive av NATO. Forelesingane går på engelsk og instruktørane kjem frå heile NATO. I tillegg til studentar frå dei tre vertslanda, frå USA, Tyskland, Italia og Polen, var ei rekkje partnerskapsnasjoner representert: Sverige, Ukraina, Georgia, Armenia, Azerbaydjan, Kroatia, Bosnia, Montenegro bl a. Utanom oss få vestlege, var alle desse oppvaksne i Sovjetunionen. Dei snakka alle flytande russisk, og dei var alle ca. 16–18 år då Sovjet gjekk i oppløysing. I tillegg hadde fleire av dei stridserfaring frå kampar på eigen jord, kamp for sitt eige fedreland. Frå Balkan, frå Nagorno-Karabach og frå Georgia.

I 2011 var eg på besøk i Sevoromorsk, med fregatt. Vi hadde starta faste årlege øvingar med russarane i mai. Vi feira slutten på den store fedrelandskrigen, som blir feira 09. mai i Russland, ettersom Moskva ligg så langt øst at det var blitt 9 ande mai der då det blei fred. Vi deltok i militær parade i Sevoromorsk, vi besøkte Sjef Nordflåten på kontoret, og vi la ned krans i havet for Murmansk konvoiane. Vi øvde med russiske marinefartøy, vi til og med landa eit russisk kamphelikopter på ein norsk fregatt, og vi blei einige om delelinjeavtalen i Barentshavet.

Alt dette tok slutt det året eg var i Baltikum! Det var det året Russland annekterte Krim.

Eg kan love at mine kollegaer frå ex-sovjetiske stater hadde eit heilt anna forhold til Russland, enn det eg hadde i bagasjen, og dette året lærte eg mykje om nasjonsbygging.

På mange måtar har vi i Norge mykje til felles med dei baltiske statane, vi er små nasjonar, med geografisk strategisk viktig plassering. Vi blir ei brikke i spelet mellom stormaktene, enten vi vil eller ikkje. Men i Norge har nasjonen følelsen av at vi vann 2. verdskrig, ja vel vi hadde eit mindre bidrag enn dei store allierte, men vi bidrog og vi vann. I Baltikum reknar mange 2. verdskrig for å slutte i 1991. Dei verken vann eller tapte 2. verdskrig. Dei blei berre valsa over, først av Sovjet, så av Tyskland og så av Sovjet igjen. Slikt gjer noko med ein nasjon. Ein av mine beste venner på kullet er ein litauisk spesialsoldat, Linas. Han spurte meg kvifor eg var i forsvaret, og eg fortalde jo at det starta med betalt utdanning og ønske om å bli sjøkaptein. Så skulle han fortelje kvifor han var i forsvaret. Han fortalde om episoden ved tv-tårnet i Vilnius i januar 1991. Eg blei veldig flau, for eg hugsa det ikkje.

Eg var 16 år, og hugsar at Kong Olav døde, og at fyrste Gulfkrigen starta i Kuwait.

Linas var og 16 år, oppvaksen i ein liten landsby utanfor Vilnius, der mor var borgarmeister. Det var demonstrasjonar i Vilnius, folket samla seg rundt tv-tårnet for å sikre fri kringkasting. Mor reiste på kontoret for å få oversikt over situasjonen, far blei med som livvakt, med jaktrifla som våpen. Sovjet ville ikkje sleppe dei baltiske statane, dei køyrde inn i folkemengda med stridsvogner. 14 sivile omkom, 700 blei skadde. Linas verva seg til militærteneste for eit fritt Litauen ved fyrste anledning.

Det var mange slike historier blant kullkameratane mine.

Og vi snakka mykje om nasjonsbygging det året. Om å gå frå eit totalitært kommunistisk regime, til eit fritt kapitalistisk marknadsstyrt demokrati. Å lære befolkninga å stole på staten, å betale skattar og avgifter, å bekjempe korrupsjon, å handtere privat eigedom, byggje helsevesen og skule, dei starta heilt på scratch der i 1991. Linas seier at den dag i dag, når han køyrer på vegen, og blir innhenta av ein politibil, kanskje til og med stogga i kontroll, så må han ta seg saman, og minne seg sjølv på at politietaten er ein god institusjon, at han ikkje har noko å frykte. Det er ikkje lett å byggje ein stat frå grunnen, når ingen har tillit til statlege institusjonar. Det er veldig lett for at mindre ressurssterke menneske opplever ein sosial eller økonomisk utanforskap. Dei som kanskje ikkje får jobb. I Baltikum opplevde mange stor skuffelse, fordi det gikk trått å etablere det frie kapitalistiske paradis etter vestleg norm, som befolkninga drøymde om. Kullingane mine tilhøyrde dei ressurssterke, og dei syns det er ganske pinleg at nasjonen deira er kjend for bandar som reiser rundt og herjar i Skandinavia. Men det er altså dei som hamna utanfor.

Eit anna eksempel er Midtøsten. I november 2017 besøkte eg ei venninne som var Norges forsvarsattache til Israel, Jordan og Egypt. Vi sto på FN-observatørposten på Golanhøgda, 30 km frå Damaskus og talde stridsvogner. Igjen, små stater som blir brikker i spelet mellom stormaktene. Ei endelaus historie om maktmisbruk, diktatur, korrupsjon og globale stormaktsinteresser. Heller ikkje her blir det lett å byggje fungerande stater. Mange lurer på kvifor Afghanistan kollapsa med ein gong vestlege styrker trekte seg ut. Det er fordi dei ikkje hadde ei samlande statsmakt, ingenting å kjempe for, ingenting å stole på.

Viss det russiske folket vil ha regimeskifte, vil det ta lang tid å byggje ein fungerande stat – etter vår målestokk.

Men la oss gå tilbake og reflektere over vår eigen 117 år gamle stat og den 208 år gamle Grunnlova vår. Vi har ein velfungerande velferdsstat, og vi har hatt fred i snart 80 år. Eg har stilt meg sjølv spørsmålet – kva er det som er så spesielt i Norge? Kva er dei typisk norske verdiane som vi må halde fast på og verne om? Jau då; sjølvsagt, det er demokrati, ytringsfridom, likestilling, religionsfridom og så vidare, men det er jo ikkje berre i Norge vi har dei verdiane. Har vi noko som er spesielt norsk?

Ja, det har vi – og det er til dels lovfesta. Det er, la meg kalle det, likskapen i folket. Det starta allereie på Eidsvoll i 1814, med ei unik sammensetning av den første lovgivande forsamlinga. Eg kjenner ikkje nokon anna nasjon som har så lite klasseskilnad som i Norge. Eg kjenner ingen andre nasjonar som har Allemannsretten ift. natur og friluftsliv. Mange plassar i England og i USA, er det ikkje lov for folk å gå tur i dei store private skogane. Eg kjenner ingen andre nasjonar der dei snakkar om breiddeidretten, på same måte. I England blir lilleputtane tidleg sett på benken, eller utestengt frå laget om dei ikkje er gode nok. Eg kjenner ingen andre nasjonar der offentleg skule står så sterkt, og der tilnærma alle fullfører vidaregåande, og der alle kan få høgare utdanning uavhengig av økonomien til foreldra. Og eg kjenner ingen andre nasjonar som har eit system der naturressursane, dei statlege ressursane kjem folket til gode gjennom eit fond, slik vi har det i Norge.

Det siste året mitt som fregattsjef, har det meste vore i amerikansk regi. Heile oktober i fjor var eg om bord på hangarskipet USS Harry S. Truman, i staben til Admiralen. Også det ein stor kulturforskjell. Ein dag til lunsj, spurte admiralen meg: «So Iris – what do you think of the norwegian tax levels»? Utan å tenkje meg om svarte eg – det er heilt i orden – eg betaler min skatt med glede – eg er berre så glad for å vere norsk.

Vi er berre så utruleg heldige! Den likskapen i folket og mellom folket, den må vi ta vare på! Vi må alle saman heile tida passe på i kva retning samfunnet vårt utviklar seg, slik at det vi har tufta vår over 200 år gamle grunnlov på ikkje forvitrar.

Er det grunn til å vere bekymra? Det er vanskeleg å spå om framtida, men det er i alle fall tre klare trendar som potensielt kan skape store utfordringar for ein liten nasjon som oss, spesielt når stormaktene utfordrar kvarandre:

Framveksten av store ikkje-statlege terrororganisasjonar som slår rot i statar der statsmakta er svak. Organisasjonar som rekrutterer dei som fall utanfor, og som slår seg opp gjennom kriminell verksemd, våpen,- menneske og narkotikasmugling. Slike som al-Qaida og IS, som er vanskelege å ta, fordi det krev intervensjon i ein annan stat. Flyktningeproblematikken kjem som eit resultat. Båtflyktningane møter vi no i den engelske kanalen. 29 000 har siste året prøvd å komme seg frå Frankrike til England i gummibåt. Eg passerte der for 10 dagar sidan, vi såg dei.

Utfordringar i det digitale rom. Vi er blitt eit gjennomdigitalisert samfunn. Kanskje må vi tenkje heilt nytt om Heimevernet? Kanskje må vi byte ut geværet med aggregat og ein PC?

Digitale angrep som lammer samfunnsstruktur og kritisk infrastruktur er utruleg vanskeleg å spore tilbake til kjelda, fordi det gjerne passerer serverar i mange land. Korleis skal folkeretten komme til anvendelse på eit digitalt angrep på for eksempel eit sentralbanksystem. Og korleis skal ein føre bevis?

Når alle våre helseprofilar ligg berre eit passord unna nedlasting til ein server i fjerne østen, då kan kven som helst med interesse finne ut kor mange dosar av den og den medisinen vi dagleg treng i Norge. Og det kan drivast forsking på våre helseprofilar som ligg langt unna dei etiske retningslinjene Norge har for slikt. Kven skal byggje ut telenettet vårt i Norge? Er det bra at kinesarane eig hurtigruteskipa og russarane eig Havila Kystruten? Dykk hadde kanskje trudd eg skulle snakke om Ukraina, Russland og NATO i dag? Men bortsett frå å gle meg over svensk og finsk NATO søknad så har eg ikkje tenkt til det. Det er ei anna stormakt som kjem sigrande ut av den konflikten vi no ser. Ei stormakt som ikkje held menneskerettane høgt og det er Kina. Kina utfordrar FN sin havrettskonvensjon i Stillehavet. Kina driv utstrekt dollardiplomati, spesielt mot mindre utviklingsland, (kjøper seg støtte). Kina har etablert sin første marinebase utanfor Kina – i Djibouti. Kina hadde sommaren 2017 flåteøvelse med Russland i Østersjøen – første gong. Kina har etablert seg med gruvedrift på Grønland. Kina har 200 mann på Svalbard.

No er det altså ikkje meininga å male fanden på veggen! Men vi må passe på, for vi er i ein heldig situasjon, og vi må ikkje kvile på laurbæra.

Eg vil oppfordre alle til å følge nøye med på korleis våre folkevalde forvaltar Grunnlova og våre ressursar. Vi må løfte blikket frå dei nære ting; og ikkje gløyme dei store nasjonale sakene, f.eks. statleg eigarskap i dei viktigaste bedriftene som forvaltar infrastruktur og ressursar. I januar hadde avisa Dagens Næringsliv ei oversikt over 1350 norske eigedomar som er eigde av stråselskap i Luxembourg, medrekna kaianlegg og vindmølleparkar. Digitalt grenseforsvar var ein stor debatt, kanskje ei av dei viktigaste lovmessige utfordringane vi har diskutert i det seinaste. Eg vil oppfordre kvar enkelt til å ha eit bevisst forhold til ny teknologi, kven har utvikla den og kven støttar vi ved å bruke den? Ansiktsgjenkjenning for eksempel.

Avslutningsvis vil eg takke dei folkevalde som gjer ein innsats i lokaldemokratiet, regionalt og på Stortinget, som regel ved sidan av full jobb og med lite betaling. Og der har eg eit sitat frå Harry S Truman å ta med på vegen når man skal bygge framtida vidare. «It is amazing what you can accomplish if you don’t care who gets the credit».