Kassa er tom, og heile 16,5 mill kr skal kuttast i drifta av Stranda kommune i 2023, og ytterlegare 50 mill kr dei neste tre åra.

Ser at det er underskriftskampanje i Hellesylt for legekontoret sitt, noko SP, AP og Høgre la ned med virkning frå 1/2-2023. Kun FrP stemte imot galskapen.

Langeland i AP frå Hellesylt og SP kjempa for 250 000kr til Hyttehola og 100.000kr til musikkfestival i Geiranger, resultatet av dette vart nedleggelse av legekontora. Men, når kjem det underskriftskampanje for dei eldre på Stranda? Når kjem det underskriftsliste for ny sjukeheim og nye omsorgsbustadar i erstatning for Solbakken? Når kjem dette, og kvar skal dei eldre på Stranda som trenger hjelp være i framtida ? Heime? Hellesylt og bygdelaga er flinke til å kjempe for sitt, det har vi sett lenge. Sikkert ikkje tilfeldig at store delar av komnuneleiinga i årevis har bakgrunn frå akkurat Hellesylt. Dei store kutta i budsjettet rammar no også sjølvsagt både Liabygda, Geiranger og Stranda tettstad. Ringstad skule på Stranda må ta store kutt i driftsbudsjettet for 2023, korleis dei skal klare dette forstår ingen. Sunnylven skule har stort sett sluppe unna med mindre omstilling. Underskriftsliste for legetjeneste på Hellesylt er forståeleg, men kva har Hellesylt tenkt å bidra med i kutt når ordføraren frå Hellesylt og SP skal kutte 16,5 million kr i drifta i 2023, og over 50 mill kr i drifta i åra framover? Men no er det alvor for alle, både Stranda tettstad og bygdelaga. Tjenestene skal kuttast brutalt etter 12 år med vanstyre av SP og co. Kommunen har hatt tidenes rammeoverføring. Kan ikkje skulde på Strandafjellet no. For utan Strandafjellet og alt dette tilfører kommunen, så måtte ein kutte ytterlegare fleire titals million kr i kommunen pr år. No dreiar det seg om at kommunen trenger eit skifte, skifte av både politisk og administrativ leiing. Sidan 2018 har kommunen auka lånegjelda med over 215 mill kr, dette er over 16 mill kr i årlege renter og avdrag, noko som både rådmann og ordførar måtte forstå. Hjelper ikkje å seie at dette MÅ vi berre bygge! Nei, det måtte vi ikkje. No må innbyggjarane i Stranda sette foten ned og sørge for at kun dei viktige tinga slik som eldreomsorg, skule og barnehage blir prioritert i åra framover. Det må være slutt med å bruke millionbeløp på til dømes fylkeskommunal ferjekai på Hellesylt og brannbilgarasje i Geiranger.