SP køyrer Stranda kommune i grus med prognose på 12,9 millionar kroner i minus, på same måten som SP køyrer landet forøvrig i grus.

Partiet SP liksom for distrikta har brått blitt distrikta sin største fiende.

Skyhøge drivstoffprisar, skyhøge straumprisar og no skal dei også loppe kraftselskapa med skyhøg ny grunnrenteskatt.

Ordførar Tryggestad har innført eit nytt begrep i kommunestyre, «forbanna løgn».

Det er ikkje «forbanna løgn» at Stranda kommune er i økonomisk ruin, sjølv om ein held fram med å flå innbyggjarane og næringslivet med svindyr eigedomsskatt.

Næringslivet går så det susar, og administrasjonen bekrefter at Strandafjellet aleine til dømes årleg tilfører kommunen meir enn 30 millionar kroner. SP og Tryggestad lovde å lutte ut eigedomsskatten etter ein kom ut av Robek i 2018, men gjorde dette absolutt ikkje.

Over 60 millionar kroner har SP tatt inn i eigedomsskatt sidan lovnaden om å kutte denne usosiale skatten i 2018. Var denne lovnaden frå SP og Tryggestad berre «forbanna løgn»? Det er ikkje «forbanna løgn» at SP og co skal bruke meir enn 70 millionar kroner, sikkert både 80 og 90 million med prisaukane vi opplever på ei brannbilgarasje med meir i Geiranger. Poenget mitt har vore at dette tiltaket vil ytterlegare påføre fleire mill kr årleg i renter og avdrag, og rentene stiger for tida kraftig.

Korleis har SP tenkt å dekke inn dette, når ein ligg ann til tidenes enkeltunderskot, på snart 13 millionar kroner.

Skal SP kutte fleire sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar, for å finansiere sine gigantiske investeringar i Geiranger og på Hellesylt? Korleis skal brannbilgarasja, med meir, og fylkeskommunal ferjekai finansierast? Med vanstyret som SP står for av Stranda kommune, kan Stranda tettstad sjå langt etter ny sjukeheim, ny Ringstad skule, ny fotball/fleirbrukshall på grusbana og auka ressursar innan pleie og omsorg Skal det ikkje bu folk i Stranda tettstad?

Så igjen ordførar, kva har SP tenkt å kutte for å finansiere dei mange mill kr i ekstra renter og avdrag for brannbilgarasje mm og fylkeskommunal ferjekai, for dette kjem i tillegg til venta 12,9 millionar kroner i underskot.